Tonehjul er eit fortanna hjul av blautt jarn som roterer føre polane på ein permanent- eller elektromagnet med viklingar der det blir indusert spenningar på grunn av feltvariasjonane over fortanninga under rotasjonen. Dette vert nytta som vekselstraumgenerator for signalstraumar i tonefrekvensområdet. Han kan òg brukast som synkronmotor ved å sende ein vekselstraum utanfrå gjennom magnetviklingene og gje hjulet ein fart på fortanninga tilsvarande frekvensen til vekselstraumen.

Tonehjulet vart oppfunnen av dansken Poul la Cour, og har mellom anna vore brukt for synkronisering av sendar og mottakar ved maskintelegrafering og bilettelegrafi.

Kjelder endre