Opna hovudmenyen
Kartet viser kvar joruba blir tala.

Joruba er eit tonespråk som høyrer til språkfamilien niger-kongo. Det blir snakka i det sørvestlege Nigeria i i tilgrensande delar av Benin. Framstillinga nedanfor byggjer på Rowlands (1969).

Innhaldsliste

StavingstyparEndra

Språket har stavingar av dei tre typane nedanfor. V = kort vokal, VV = lang vokal, (C) = fakultativ konsonant og N = syllabisk nasal.

  1. N
  2. (C)V
  3. (C)VV

Tonar i stavingar med éin moraEndra

Stavingstype 1 og 2 inneheld éin mora kvar, og dei kan ha ein av tre tonar, her illustrert med tre verb ( står for [ɛ]):[1]

  • H (høg tone): bẹ́ 'å hoppe'
  • M (midtre tone): bẹ 'å skrelle'
  • L (låg tone): bẹ̀ 'å be om, naudbe om'

Syllabisk nasal kan illustrerast med orda ńkọ́ 'kva med?' og ǹjẹ́ (partikkel for tvilande spørsmål). Som døma viser, er H (høg tone) representert ortografisk med akutt aksent, ´, M (midtre tone) er ikkje markert og L (låg tone) er markert med gravis aksent, `. Ingen stavingar kan mangle tone.

Tonar i stavingar med to moraerEndra

Stavingstype 3 inneheld to moraer. Kvar mora kan ha sin eigen tone. Her er nokre døme med lang vokal i fyrste staving:[2]

  • H: déédéé 'nøyaktig
  • HL: bẹ́ẹ̀dì 'gate'
  • LH: òótọ́ 'sanning'
  • M: aago 'klokke, ur'; eegun 'bein (knokkel)'
  • MH: eégún 'person som ber maske'
  • ML: oògùn 'medisin'
  • L: ààrò 'grue, åre'

TonestabilitetEndra

Dei fleste tostavings substantiva som tek til med ein lang vokal, har alternative former med tre stavingar. Tostavingsformene er "reduserte" former av trestavingsformene. Det interessante i denne samanhengen er at sjølv om ei staving fell bort, fell ingen tonar bort (og heller ingen mora). Dette er eit døme på tonestabilitet:

  • LH-H òótọ́ ~ L-H-H òtítọ́ 'sanning'
  • MH-H eégún ~ M-H-H egúngún 'person som ber maske'

Manglande bortfall av tone skjer òg på andre måtar. Dei fleste substantiva på yoruba byrjar med ein kort vokal. Når eit substantiv følgjer etter eit verb, fell vokalen fremst i substantivet ofte bort:

  • Kọ́ 'lære' + ìwé 'bok' → kọ́wě 'studere'

Vi ser at har tonegangen LH, som også er tonegangen til den fulle forma ìwé. Ordet som tyder 'noko', har to former:

  • nǹkan ~ nkàn¯ 'noko'

Forma nǹkan har tre stavingar, [ ŋ . ŋ . kã ], med tonegangen M-L-M. Forma nkàn¯ har to stavingar, [ ŋ . kã ], med tonegangen M - LM. Med andre ord har L-M på dei to siste stavingane ii trestavingsforma blitt "trengd i hop" på éi staving i tostavingsforma, som ein tone som stig frå L til M på ein kort vokal.

TonepolaritetEndra

Yoruba har pronomen av to typar, uavhengige (emfatiske) og klitiske. Mellom dei klitiske pronomena finst det subjektspronomen og objektspronomen. Det klitiske objektspronomenet i 3. person eintal er realisert som ei forlenging av den finale vokalen i det føregåande verbet. Pronomenet blir skrive som eit eige ord, og det har ein tone som varierer etter denne regelen:

  • Det har høg tone etter låg eller midtre tone.
  • Det har midtre tone etter høg tone.

Tonen er på ein måte "den motsette" av tonen på siste stavinga i verbet, og fenomenet blir kalla tonepolaritet. Her er nokre døme, med subjekt, verb og objekt, i same følgda:

  • ó fà á 'ho/han drog det'
  • ó jẹ ẹ́ 'ho/han åt det'
  • ó ṣí i 'ho/han opna det'

BibliografiEndra

  • Rowlands, E. C. 1969. Teach Yourself Yoruba. London: The English Universities Press Ltd.

FotnotarEndra

  1. I nokre tilfelle finst det komplekse tonar også på kort vokal, jamfør avsnittet Tonestabilitet.
  2. Merk at n sist i ei staving viser at vokalen er nasal, som i eegun 'bein (knokkel)' [eːgũ].