Too Much Monkey Business

Too Much Monkey Business
Singel av Chuck Berry
frå albumet After School Session
B-side

«Brown Eyed Handsome Man»

Utgjeve September 1956[1]
Innspelt 16. april 1956 i Chicago[2]
Sjanger Rock and roll, rhythm and blues
Lengd 2:56
Selskap Chess 1635[1][2]
Tekstforfattar Chuck Berry
Låtskrivar(ar) Chuck Berry
Produsent Leonard Chess, Phil Chess[2]
Chuck Berry-kronologi 
«Roll Over Beethoven»
(Mai 1956)
Too Much Monkey Business «You Can't Catch Me»
(November 1956)


«Too Much Monkey Business» er ein song skriven og spelt inn av Chuck Berry. Songen vart gjeven ut av Chess Records i september 1956 som den femte singelen til Berry. Han vart òg gjeven ut som den tredje songen på det første albumet hans, After School Session, i mai 1957 og på ein EP.[1] Singelen nådde fjerdeplassen på Billboard si Most Played In Juke Boxes-liste, 11. plassen på Most Played by Jockeys-lista og sjuandeplassen på Top Sellers in Stores-lista i 1956.[3][4]

Innspeling endre

«Too Much Monkey Business» vart spelt inn 16. april 1956, i Chicago. Innspelinga vart produsert av Leonard Chess og Phil Chess. Med på innspelinga hadde Berry Johnnie Johnson (piano), Willie Dixon (bass) og Fred Below (trommer).[2]

Andre versjonar endre

Elvis Presley spelte inn ein versjon av songen under oppvarminga til innspelinga av Stay Away, Joe[5] og denne vart seinare gjeven ut på Elvis Sings Flaming Star i 1969.

Fleire band i den britiske bølgja gav ut versjonar av «Too Much Monkey Business». The Beatles spelte inn sin versjon 3. september 1963, med John Lennon på vokal. Denne vart send på BBC Light Programme Pop Go the Beatles den 10. september. Denne innspelinga vart gjeven ut på albumet Live at the BBC i 1994.[6] The Hollies spelte songen for det andre albumet sitt, In The Hollies Style, i november 1964. The Yardbirds med Eric Clapton brukte songen til å opne konsertane sine på Marquee Club, og eit opptak vart gjeven ut på Five Live Yardbirds. The Kinks spelte inn sin versjon for debutalbumet sitt i 1964 som ein av to Berry-songar på albumet. Den andre var «Beautiful Delilah». The Youngbloods gav ut ein versjon av songen i 1967 på albumet, Earth Music.[7] Eric Clapton spelte inn ein versjon av songen for albumet med same namn i 1984 på Astan records.[8]

The Beatles-versjonen endre

The Beatles spelte songen på mange av BBC-innspelingane sine, og ein av dei vart gjeven ut på Live at the BBC, spelt inn 3. september 1963.

Medverkande endre

Påverknad på andre songar endre

«Too Much Monkey Business» var ei inspirasjonskjelde for Bob Dylan på «Subterranean Homesick Blues».[9] Punkrockaren Johnny Thunders hylla Berry på songen «Too Much Junkie Business», ei blanding av «Pills» av Bo Diddley og «Too Much Monkey Business». Berry sin song danna grunnlaget for «Too Much» av KMFDM, som kom ut på samlealbumet deira 84–86. Songen inspirerte Michael Jackson på «Monkey Business» på albumet hans Ultimate Collection (2004), med tekstlinja «too much monkey business».

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Rudolph, Dietmar. «A Collector's Guide to the Music of Chuck Berry: The Chess Era (1955-1966)». Henta 3. september 2009. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Gold (CD liner notes). Chuck Berry. USA: Geffen Records/Chess Records. 2005. s. 21, 27. 0602498805589 http://www.discogs.com/viewimages?release=1987023 |url= missing title (hjelp). 
  3. «Chuck Berry - Billboard Singles». Allmusic. Rovi. Henta December 3, 2010. 
  4. Whitburn, Joel (2006). The Billboard Book of Top 40 R&B and Hip-Hop Hits. New York: Billboard Books.
  5. Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998
  6. Lewisohn, Mark (1992). The Complete Beatles Chronicle. Hamlyn. ISBN 0-600-60033-5. 
  7. The Youngbloods, Earth Music Retrieved May 20, 2015
  8. Allmusic.com
  9. Hilburn, Robert (2009). Cornflakes with John Lennon. Rodale. s. 256. ISBN 978-1-59486-921-1.