Topas er eit mineral som er eit fluorhaldig aluminiumsilikat Al2SiO4F2. Dei vanlege topasane er gule, men det finst òg fargelause, lyseblå, grønlege og lyseraude. Einskilde gule topasar frå Brasil blir djupraude ved oppvarming.

Topas

Topaskrystall på matriks
Generelt
KategoriSilikatmineral
Kjemisk formelAl2SiO4(F,OH)2
Strunz-klassifisering9.AF.35
KrystallsymmetriOrtorombisk dipyramidal
H-M-symbol: (2/m 2/m 2/m)
Romgruppe: Pbnm
Einingscellea = 4.65 Å, b = 8.8 Å,
c = 8.4 Å; Z = 4
Identifikasjon
Fargefargelaus (om ingen ureinleikar), blå, brun, oransje, grå, gul, grøn, rosa og raudaktig rosa
KrystallformPrismatiske krystallar med stripete sider parallell langs lengda; òg skiveforma, kompakt, massiv
KrystallsystemOrtorombisk
Kløyv[001] perfekt
BrotUndermuslig til ujamn
Mohs hardleiksskala8 (definerande mineral)
Glansglasaktig
StrekfargeKvit
TransparensGjennomsiktig
Spesifikk vekt3.49–3.57
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (+)
Brytingsindeksnα = 1.606–1.629
nβ = 1.609–1.631
nγ = 1.616–1.638
Dobbeltbrytingδ = 0.010
PleokroismeSvak i tjukke delar X = gul; Y = gul, fiolett, raudaktig; Z = fiolett, blåaktig, gul, rosa
Andre eigenskaparFluorescerande, kort UV=gylden gul, lang UV=kremaktig
Kjelder[1][2][3][4]

Klåre varietetar av topas vert nytta som edelsteinar og dei beste kjem frå Sri Lanka, Brasil og Russland (Ural). I Noreg finst til dels store krystall på einskilde pegmatittgangar.

Pyrofysalitt er ein gulkvit, ugjennomsiktig topas som mellom anna finst på Modum og i Sverige. Pyknitt er ei stengleg form som særleg er kjent frå tinnsteinsgangane i Böhmen.

Nemninga topas blir òg feilaktig brukt om visse andre edel- og smykkesteinar. Orientalsk topas er ein gul varietet av korund, spansk topas er ein gul kvarts og ofte ein varmehandsama ametyst. Såkalla røyktopas er det same som røykkvarts.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  1. Hurlbut, Cornelius S.; Klein, Cornelis, 1985, Manual of Mineralogi, 20th ed., ISBN 0-471-80580-7
  2. Anthony, John W.; Bideaux, Richard A.; Bladh, Kenneth W. and Nichols, Monte C., red. (1995). «Topaz». Handbook of Mineralogi (PDF). II (Silica, Silicates). Chantilly, VA, US: Mineralogical Society of America. ISBN 0-9622097-1-6. Henta December 5, 2011. 
  3. Topaz. Mindat.org. Retrieved on 2011-10-29.
  4. Topaz. Webmineral.com. Retrieved on 2011-10-29.