Opna hovudmenyen

Tor-Marius Gromstad

norsk fotballspelar

Tor Marius Gromstad (8. juli 198912. mai 2012) var ein norsk fotballspelar for Stabæk frå Arendal.

Tor-Marius Gromstad
Personleg informasjon
Fødd 8. juli 1989
Fødestad Arendal i Noreg
Død 12. mai 2012 (22 år)
Dødsstad Oslo
Høgd 185 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Stabæk
Nummer 16
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
-2007
2007-2012
Noreg FK Arendal
Noreg Stabæk
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

BiografiEndra

Gromstad kom til Stabæk frå FK Arendal i 2007, der han spelte midtbane og overtok draktnummer 16 etter Christian Holter. Han spelte på laget då Stabæk vart seriemeistrar i 2008, og har blitt i klubben sidan.

Gromstad vart meld sakna den 13. mai.[1] Han vart sist sett i live i bustaden til broren ved Bislett Stadion.[2] Det vart igongsett store leiteaksjonar i heile Oslo med hjelp frå frivillige, drosjesjåførar, ungdommar frå Arendal og overvakningskamera.[3] Til sist vart han funnen død av arbeidarar på ein byggjeplass i Oslo Sentrum. Dødsårsaka var ei fallulukke, og politiet mistenkte ikkje noko kriminelt bak dødsfallet.[2][4]

FotnotarEndra