Tor Øivind Ødegård

Tor Øivind Ødegård (fødd 28. februar 1969) er ein norsk tidlegare mellomdistanseløpar frå Trøsken i Sarpsborg. Han vart norsk meister to gongar på 800 meter og tre gongar på 1500 meter.

Tor Øivind Ødegård
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. februar 1969 (55 år)
Idrett friidrett

Aktiv endre

Ødegård vart noregsmeister 1991 og 1994 på 800 m og 1994, 1996, 1998 på 1500 m. Åra 1990-2004 sanka han i alt 11 (2-4-6) NM-medaljar på 800 meter og 5 (3-2-0) på 1500 m.

Ødegård sine personbeste på 800 m og 1500 meter er begge frå sommaren 1997. Under eit internasjonalt stemne i München den 21. juni fekk han sluttida 3,39,8 på 1500 m. Den 5. august gjorde han sitt livsløp då han i kvartfinalen på 800 m ved verdsmeisterskapen i Aten sprang i mål på 1.45,42. I semifinalen makta han ikkje å fylgje opp og enda sist.

Per 2020 held Ødegård sin personlege rekord på 800 meter til tredjeplass på noregs-statistikken, einast hans samtidige, Vebjørn Rodal og Atle Douglas, har sprunge fortare på distansen.

Plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • VM 1997 i Aten: Utslått i semifinalane på 800 m (1.47,83=nr 16)
  • VM 1999 i Sevilla: Utslått i forsøket på 800 m (1.47,07=nr 27)

Kjelder endre