Tor Grimsgard (18531934) var ein norsk spelemann frå Nes i Hallingdal. Han er rekna som ein stor stilskapar for spelet i Nedre Hallingdal. Han vart fødd på plassen Brattested i Nes, men kom til Grimsgard, Nesfjerdingen, i vaksen alder og tok namn etter garden.

Tor Grimsgard
Fødd1853
Død1934 (81 år)
OpphavNoreg
Verka sommusikar

Tor Grimsgard lærde mellom anna spel av Gudbrand Skjellerud, og var og mykje i lag med spelemenn frå Krødsherad og Numedal, mellom dei Gamle-Kleven, Ole Hakkelberg og Anders Ødegard. Slik kom han til å hente mange slåttar til Hallingdal som lever etter han der. I Nes var han mellom anna kjelde for Jørgen Husemoen, og Sevat Sataøen og Ola A. Strand frå Ål var og til Nes for å hente spel hjå Grimsgarden.

Tor Grimsgard hadde godt omdøme som spelemann. Han vart difor vald ut til å spela på opninga av Bergensbanen i 1909, med kong Haakon VII til stades. Slåtten han spela den gongen har sidan vore kalla «Kongelåtten».

Hardingfeleverket har berre tre slåttar skrivne opp beint etter Tor Grimsgard. Arne Bjørndal var i Hallingdal og skreiv ned slåttar om lag 1919, og desse slåttane er «Sevle'n» (nr 124a, B 354), ein variant av Røyskatten), Grimsgarden, (518a, B 350, ein variant av «Kolsruden»), og «Sylkjegulen» (521f, B Nye slåttar 47, ein variant av «Slidringen»). Elles er mange av slåttane til Sevat Sataøen etter Tor Grimsgard, mellom dei forma av Duft. Ei rekke slåttar etter Odd Bakkerud og Jørgen Husemoen kan og førast attende til Grimsgard.

Grimsgard skal og ha sett namn på springaren «Krullafuru», ein av dei mest særmerkte slåttane frå Hallingdal. Namnet vart sett på slåtten i møte med Ola A. Strand. Grimsgard er morbror til spelemannen Jørgen Husemoen.