Tor Torkildsen (3. juni 19328. juli 2006) var ein norsk sjømann, reiar og forfattar frå Trondheim. Etter eit langt liv på skip og i reiarlag debuterte Torkildsen i 1994 med spenningsromanen Stella Baltica. Etter kvart skreiv han om lag 30 bøker i alt. Alle bøkene til Tor Torkildsen byggjer på erfaringar frå arbeidet hans: reiarlag og båtar, og hamner og hav verda rundt. I nokre av dei beste bøkene sine har han òg med trekk frå sjølivet før i tida.

Tor Torkildsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. juni 1932
Trondheim
Død

8. juli 2006 (74 år)

Yrke skribent

Biografi endre

Tor Torkildsen vart fødd inn i ein shipping-familie. Faren og bestefaren var begge sjøkapteinar, og då Tor voks opp, tok han utdanning for å overta familiereiarlaget i heimbyen. Før han i 1961 vart sjef i reiarlaget, hadde han jobba med shipping i London, Santos, Djakarta og Oslo. Han dreiv reiarlaget frå 1961-77. Sidan dreiv han ein marina i Skottland frå 1977-1983, og jobba som eksportsjef i eit elektronikkfirma. Han vart arbeidsledig i 1989, då han var 57. Det var då skrivinga tok til for alvor. Sidan var han fulltidspensjonist og forfattar. Dei siste åra budde han halve året i Trondheim, og halve året i Thailand.

Bibliografi endre

  • Stella Baltica (1994)
  • Piratene på Bali (Lisa og Nils 1) (1995)
  • Dødt skip (1995)
  • Gullskatten på revet (Lisa og Nils 2) (1996)
  • På død manns kiste (1996)
  • Flukten på floden (Lisa og Nils 3) (1997)
  • Livbåten (1997)
  • Diamanter i lasten (Lisa og Nils 4) (1999)
  • Brenning-serien (20 bøker) (1999-2003)
  • Kapret på Bermuda (Lisa og Nils 5) (2000)
  • Savnet i Alaska (Lisa og Nils 6) (2001)
  • Forsvunnet på Ben Nevis (Lisa og Nils 7) (2002)
  • Akterutseilt (Peder 1) (2003)
  • Skipbrudden (Peder 2) (2004)

Bakgrunnsstoff endre