Tore Bjonviken (fødd 2. januar 1975) er ein norsk tidlegare langrennsløpar som representerte Fossum Idrettsforening. I verdscupen var hans fremste individuelle prestasjonar to andreplassar i sprint og to tredjeplasser i 15 km klassisk.

Tore Bjonviken
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. januar 1975 (49 år)
Noreg
Idrett langrenn
Tok del i

Ski-VM 2003

Karriere endre

Første plasseringa i verdscupen kom i Sunne 11. mars 1997, der sprinten vart avvikla i klassisk. Tre år seinare, 28. februar 2000, fekk han same plasseringa i eit sprintrenn i klassisk stil, arrangert i Stockholm. Bjonviken kom i sesongen 2000/01 på tredjeplass i verdscuprennet over 15 km på Beitostølen, bak Odd-Bjørn Hjelmeset og Thomas Alsgaard. Nordmenn la beslag på dei sju fyrste plassane på resultatlista i rennet, som var opningsrenn i verdscupen det året. Sidan i same sesongen kom han på delt tredjeplass med landsmannen Kristen Skjeldal på 15 km i Falun, bak vinnaren Mikhail Ivanov og Frode Estil. Bjonviken vann sølvmedaljen på tremil fellesstart under noregsmeisterskapen i 2000 og NM gull i sprint fristil i 2002 foran OL-mester Tor Arne Hetland. I alt vart det eitt gull, to sølv og 3 bronsje i NM på ulike distanser. Han vant også Skarverennet i 2002 framfor heile den norske langrenns- og skiskyttereliten.

Bjonviken representerte Noreg under Ski-VM 2003 i Val di Fiemme, då han med dårleg opplading på kort varsel vart sett inn på 15 km klassisk og enda på 44 plass. Han var elles med å vinne tre WC seire for Noreg i stafett i 1996, 2000 og 2002, og han vann scandinavisk cup samanlagt i 1999.

Besteplasseringar i internasjonale renn endre

  • 1997 Nr 2 i sprint klassisk i Sunne
  • 2000 Nr 3 på 15 km på Beitostølen
  • 2000 Nr 2 på sprint klassisk i Stockholmn
  • 2001 Nr 3 på 15 km klassisk i Falun

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar og Arne Bjonviken som har retta opp i feil og rot

Bakgrunnsstoff endre