Tore Tungodden (fødd 2. oktober 1966) er ein norsk medievitar og universitetsdirektør ved Universitetet i Bergen.

Tore Tungodden
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. oktober 1966 (57 år)
Yrke skribent

Han er fødd og vaks opp i Knarvik nord frå Bergen og har lang erfaring frå ei rekkje leiarstillingar på ulike nivå ved universitetet. Han vart tilsett som universitetsdirektør ved Universitetet i Bergen etter å ha vore fungerande sidan 1. januar 2023 og assisterande universitetsdirektør frå 2015.[1]

Tungodden er også forfattar av barneboka Statsministeren[2] som han vann Aschehough sin debutantpris for i 2005. Boka er òg omsett til fleire språk og hadde premiere som teateroppsetning ved Atze Musiktheater i Berlin i 2016. Teaterstykket sto på plakaten i 6 år i Berlin. Boka handlar om ei ti år gammal jente som blir statsminister i Noreg.

Kjelder endre

  1. «Tore Tungodden blir ny universitetsdirektør», Universitetet i Bergen (på norsk bokmål), henta 24. oktober 2023 
  2. [1][daud lenkje]
  Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.