Torfinn Sigurdsson

Torfinn Sigurdsson òg kalla Torfinn den mektige (Þorfinnr inn riki) levde i tida (ca. 1009–ca.1065).[Note 1] Han var jarl på Orknøyane, først saman med dei tre halvbrørne sine, seinare saman med brorsonen Ragnvald, og til sist aleine, til han døydde omkring 1065.

Detalj av pergamentside frå folio 101v av GKS 1005 - Flateyjarbók, med teksten: jarl í Orkneyum.
Kart over Orknøyane, med den nordlege delen av Katanes (Caithness). Frå kartsamlinga til Nasjonalbibliotektet. Handteikna før 1850 av P.A. Munch.

Norrøne kjelder endre

Livet hans er skildra mest detaljert i Orknøyingasoga[1] og han er nemnt i soga om Olav den heilage.[2] Dei norrøne sogene er rekna som usikre kjelder, då dei vart nedskrivne omkring 200 år i ettertid. Ein trur likevel at Orknøyingasoga gir truverdige opplysningar om dei viktigaste hendingane i livet til orknøyjarlane i tida etter år 1000, særleg der ein finn støtte frå samtidige skaldevers, slik som her i «Torfinnsdråpa»[3] av Arnor jarlaskald og «Kalvsflokk»[4] av Bjarne Gullbrarskald.

Familie endre

Far til Torfinn Sigurdsson var orknøyjarlen Sigurd Lodvesson Digre (Sigurd Digre) og mor hans var Plantula,[5] truleg dotter til den skotske kongen Malcolm II (Melkólms Skotakonungs).[6][Note 2] Han hadde tre eldre halvbrør, Sumarlide, Einar (Vrangmunn) og Bruse. Han vart gift med Ingebjørg Finnsdotter[Note 3], dotter til Finn Arnesson og han var far til orknøyjarlane Erlend Torfinnsson og Pål Torfinnsson, og såleis farfar til Magnus Erlendsson den heilage og Håkon Pålsson. Skalden Arnor jarlaskald skal ha vore gift men ein slektning av Torfinn.

Liv og lagnad endre

 
Kong Malcolm II av Skottland[6] var truleg Torfinn jarl sin morfar. Han døydde 25. november 1034. Etterfølgaren hans som skotsk konge, var dottersonen Duncan I.

Torfinn blir nemnt første gongen i Orknøyingasoga[7] (kap. 12/13) der det blir fortalt at faren sende han til fostring hjå morfaren, skottekongen. Dette hende då Sigurd jarl drog på herfærda til Irland, der han fall i slaget ved slaget ved Clontarf. Torfinn var då fem år gamal, og morfar hans, kong Malcolm II, let han få Caithness (Katanes) og Sutherland, gav han jarlsnamn, men sette menn til å styre landet saman med han. Soga fortel at han «vart snart vaksen» og han vart ein oveleg stor og sterk mann, svart på hår og ein djerv kar.

Striden med halvbrørne endre

Det ser ut til at det store riket som Sigurd Lodvesson hadde rådd over, fall saman då han døydde. Ungguten Torfinn fekk styringa med områda på fastlandet, medan halvbrørne hans, dei tre eldste sønene etter Sigurd jarl, rådde berre over kvar sin tredjepart av det opphavelege øyriket, Orknøyane og Shetland. Sumarlide jarl døydde etter berre nokre få år, og då vart det stor usemje mellom brørne om delinga av riket. Torfinn jarl kravde å få noko av riket på øyane, men Einar jarl meinte at han alt hadde fått meir enn ein tredjepart av av faren sitt opphavelege rike og ville ikkje unne Torfinn noko skifte. Sogene skildrar Einar jarl som ein hardstyrar og legg vekt på at han var den konfliktskapande i relasjon til både bøndene og brørne. Omkring 1018 vart det nære på krig mellom dei to brørne, men broren Bruse jarl gjekk i mellom og fekk i stand ei fredeleg semje slik at Torfinn fekk den eine tredjeparten av øyane. Ein ny mann, Torkjell Åmundesson frå Sandvik på Rossøy, kom til å spele ein viktig rolle i tilhøvet mellom brørne. Han kom i usemje med Einar jarl og reiste i eksil til Katanes og fekk opphald hjå Torfinn jarl. Der skal han ha blitt fosterfar til Torfinn og vart kalla Torkjell Fostre. Dei var begge på vitjing hos kong Olav i Noreg og vart vel tekne i mot der. Det blir sagt i soga at då Torfinn reiste attende til Orknøyane, skildest kongen og jarlen i stort vennskap.

Seinare kom det til eit forlik mellom Einar jarl og Torkjell Fostre, men det enda likevel med at Torkjell drap Einar jarl i eit bakhald. Drapet skjedde omkring år 1020, etter eit gjestebod hos Torkjell, og det var det «ingen som kom seg til å hemne drapet». Då vart det på nytt usemje om delinga av riket. Bruse jarl tok til seg tredjeparten som Einar hadde styrt, men Torfinn jarl gjorde krav på halvparten av riket på øyane. For å få hjelp i arvestriden, reiste Bruse jarl til kong Olav Haraldsson i Noreg. Då gjekk det slik til at Torfinn òg reiste til Noreg; han meinte at han frå før var ven med kong Olav og rekna med å få støtte for si sak, hjå han.

Fredsmekling hjå kong Olav endre

Venteleg trudde begge at dei kom til ein ven som ville hjelpe dei med å løyse konflikta; i staden møtte dei ein konge som var mest instillt på å utnytte stoda til sin eigen fordel. Sogene[8][9] skildrar i omstendelege ordelag korleis kong Olav med truslar og lovnadar, spela dei to jarlane opp mot kvarandre. Han tok Ragnvald, sonen til Bruse jarl som gissel, og han la tydeleg for dagen at om ikkje Torfinn jarl underordna seg den norske kongen, ville han ikkje kom derifrå i live. Alt tyder på at det heile enda med at både Bruse og Torfinn gav kong Olav rådvelde over jarleriket; dei lova han truskap og gav eidane sine på det. Skalden Ottar Svarte gjorde omkring 1023 diktet «Hovudløysinga»[10] til kong Olav, der det er nemnt i 19. verset:

Hjaltlendingane reknast no
for dine undersåttar;
men ingen kamphissig konge
stod fram her i aust (i Noreg),
før vi fekk deg,
som underkasta seg øyane i vest.
[Note 4]

I norsk historieskriving er det blitt hevda at Orknøyane etter dette vart lagt under norsk styring,[11] men det er vanskeleg å sjå at den norske kongen på denne tida fekk reell makt og rådvelde over Orknøyane. Dette står òg i motsetning til den eldste kjelda som gir konkret opplysning om det norske herredømet over Orknøyane, Beretningen om Hamburg stift av Adam av Bremen (sjå ref), der det går fram at det var kong Harald Hardråde som la under seg øyane, så seint som i 1066.

Attende på Orknøyane vart Torfinn jarl og Bruse jarl etter kvart forlikte og truleg styrte dei etter denne tida riket sjølvstendig, og i det minste Torfinn tykte ikkje at dei skulda truskap til den norske kongen. Eidane om truskap og underkasting var gitt under tvang, og det er elles lite truleg at kong Olav var i stand til å setje makt bak krava sine.[Note 5] Bruse jarl hadde ei tid styringa med dei to tredjepartane han meinte seg å ha rett på, men det blir fortalt i soga at han ikkje rådde med vikingar som tok til å herje på øyane hans. Han skal difor ha gitt den eine tredjeparten til Torfinn jarl som hadde større styrkar og var betre i stand til å verje riket. Etter Orknøyingasoga[12] (side 43) hende dette omkring år 1028. Bruse jarl hadde deretter styringa med den siste tredjeparten, til han døydde litt før 1035.

Striden med Karl skottekonge endre

I byrjinga av 1030-åra, medan Bruse jarl framleis levde, rådde Torfinn jarl i røynda åleine over øyriket og han kunne konsentrere seg om sitt store mål; å vinne attende landområda i sør, som faren hadde rådd over.

I Skottland døydde Torfinn sin morfar og overherre, kong Malcolm II, i 1034,[13] og kong «Karl Hundeson»[14][Note 6] tok styringa. Han gjorde krav på Caithness, men Torfinn heldt på at han hadde fått landet av morfar sin, og i fleire år herja dei i rika til kvarandre. Til sist kom det til to avgjerande slag. Kong «Karl» hadde samla folk og kom nordover med ein stor hærflåte. Torfinn jarl og Torkjell Fostre samla hærstyrkar frå Caithness og frå Orknøyane, og dei møttest først i eit sjøslag ved «Dyrnes» (Deerness) på austsida av Mainland på Orknøyane. Torfinn jarl fekk siger og kong Karl trekte seg attende til «Breidefjord» (Moray Firth), der det kom til eit nytt, stort slag ved «Torfnes».[Note 7] Der fekk Torfinn ein endeleg siger og han hadde dermed sikra seg herredøme over Skottland, frå Pentlandsfjorden til den strategisk viktige elvevegen Ekkjal (Oykel river) tvers gjennom Skottland. Arnor jarlaskald nemner om dette i «Torfinnsdråpa»:[3]

Ulfs tuggu rauð eggjar,
eitt þars Torfnes heitir,
— ungr olli því þengill —
— þat vas mánadag — fránar.
Sungu þar, til þinga,
þunn fyr Ekkjal sunnan
sverð, es siklingr barðisk
snarr við Skotlands harra.
Dei skarpe eggar farga raude,
der det heiter Torfnes,
av den unge fyrste
- det var ein måndag.
Der song dei tynne sverd,
syd for Ekkjal,
der den raske fyrste
kjempa mot skottlands konge

Han hadde dermed erobra landet like langt sør som den første orknøyjarlen, Sigurd Øysteinsson, i si tid hadde nådd.[15] Orknøyingasoga har ikkje meir å fortelje om kong «Karl Hundeson», det er usikkert kven han var og kva lagnad han fekk seinare.

Striden med brorsonen endre

 
Papa Stronsay («Litle Papøy») var staden der Orknøyingasoga fortel at Torkjell Fostre drap Ragnvald Brusesson.

Ragnvald Brusesson vart verande lenge hjå kong Olav, og dei norrøne sogene gir oss det inntrykket at han vart ven både med han og sonen hans, Magnus. I 1035 kom Magnus Olavsson (den gode) attende til Noreg og vart teken til norsk konge, og Ragnvald var ifølgje med han. Då var Bruse Sigurdsson jarl avliden, og Ragnvald reiste attende til Orknøyane for å krevje «odelen sin». Ved dette høvet blir det sagt i Orknøyingasoga[16] (kap. 21/22) at kong Magnus gav han tre skip, gav han jarletittel og den tredjeparten av øyane som kong Olav hadde eigd, slik at Ragnvald skulle styre over to tredjepartar.

Orknøyingasoga gir oss forståinga av at råderetten over Orknøy-riket no var delt på tre: den skotske kongen gjorde krav på overherredøme på områda i Skottland, Ragnvald Brusesson stod ved faren sin eid og rekna seg som undersått av den norske kongen for deler av Orknøyane og Shetland, medan Torfinn jarl heldt på at øyriket høyrde til orknøyjarlane og at han aldri hadde akseptert den norske kongen sitt krav på overherredøme.

På Orknøyane kravde Ragnvald dei to tredjepartane av øyriket, og Torfinn jarl gjekk i byrjinga med på å gi han det som han «eigde med rette» (Orknøyingasoga[17] kap. 22) men gjorde det samstundes klart at han ikkje aksepterte at kong Magnus hadde nokon råderett over øyane. I dei neste åtte åra samarbeidde dei og var i hærferd både i Irland, på Hebridane og i Skottland. Orknøyingasoga nemner eit slag i Vatsfjord (kanskje Loch Vatten på den skotske øya Skye). Slaget er òg nemnt i «Torfinnsdråpa»[3] av Arnor jarlaskald, og der fekk dei ein stor siger. Om vintrane sat dei i ro på Orknøyane og om sumrane låg dei ute i hernad, stundom kvar for seg.

 
Magnus den gode og Kalv ArnessonStiklestad. «Mi øks nådde han ikkje,» svara Kalv og sprang opp på hesten sin og reid bort. Teikning av Halfdan Egedius 1899.

I Noreg var Kalv Arnesson blitt uven med kong Magnus og han laut røme frå landet.[18] Truleg i 1036 kom han med mykje folk til Torfinn jarl på Orknøyane; Ingebjørg Finnsdotter, brordotter til Kalv, var kona til Torfinn jarl og det var stort vennskap mellom Kalv og Torfinn. Kalv Arnesson heldt stort følgje hjå seg og det vart kostesamt for Torfinn jarl. Han gjorde då krav til Ragnvald jarl om at hann måtte gi frå seg den tredjeparten som Einar Vrangmunn hadde hatt, og som den norske kongen meinte seg å råde over. Då vart det usemje mellom jarlane og Torfinn tok til å samle folk for «å hente med det harde det han ikkje fekk med det gode».

Ragnvald jarl drog då til kong Magnus i Noreg for å få hjelp, og ikkje lenge etter kom han attende til Orknøyane med ei stor og velrusta hær. Det kom då (omkring 1045) til eit stort slag ved «Raudebjerg»[Note 8][19] og Kalv Arnesson var med i hæren til Torfinn jarl. Arnor jarlaskald nemner slaget i «Torfinnsdråpa»[3] (versa 21 og 22) og Bjarne Gullbrarskald nemner slaget i «Kalvsflokk»[4] (8. verset). Det såg ei stund ut til at Ragnvald skulle få siger, men etter at Kalv Arnesson kom til med styrken sin, vart overmakta for stor og Ragnvald flydde. Han drog straks til havs og segla aust til Noreg, der vart han verande ei tid hos kong Magnus. Torfinn jarl la då under seg alle øyane.

Orknøyingsoga[20] (kap. 27/28) fortel at «tidleg på vinteren» kom Ragnvald jarl attende til Orknøyane med eitt skip. Der fekk han samla seg folk og kom uforvarande på Torfinn jarl på «Rossøy» (no: Mainland). Mennene hans omkransa huset og sette eld på. Dei trudde at Torfinn hadde brunne inne, men han hadde likevel redda seg ut, saman med Ingebjørg, kona si, og kom seg usedd over til Caithness. Ragnvald jarl la så under seg heile det riket som Torfinn hadde ått. Deretter tok han tilhald i Kyrkjevåg [Note 9] for å halde vintersete der. Litt før jul var Ragnvald jarl med stort følgje på «Litle Papøy» (Papa Stronsay).[Note 10] Der kom Torfinn jarl over dei, kringsette garden og ville brenne inne Ragnvald jarl. Ragnvald jarl kom seg likevel undan, men om litt fann dei han nede ved stranda og der vart han drepen. Det vart sagt at det var Torkjell Fostre som utførte drapet, for «det var ikkje nokon annan som ville». Ein reknar med at Ragnvald jarl døydde heilt i slutten av styringstida til Magnus den gode, truleg i 1046.

Pilegrimsferda endre

Torfinn jarl hadde no fullført erobringa av jarleriket, og tida var inne for sikre freden og organisere det indre styret. Han visste at han måtte skaffe seg gode relasjonar til grannelanda, og ikkje minst var det viktig å få eit godt tilhøve til kyrkja og dermed få innpass i dei lærde kretsane som på den tida vart ivareteke av det kristne presteskapet.

Torfinn jarl hadde hatt eit heller dårleg tilhøve til den norske kongen, men ei tid etter at kong Magnus døydde (1047), reiste Torfinn jarl aust til Noreg og forlikte seg med kong Harald Hardråde. Deretter reiste han til Danmark og vitja kong Svein Estridsson i Ålborg og seinare drog han på pilegrimsferd til Roma. Der vitja han paven (truleg Leo IX som var pave i tida 1049-1054) og fekk forlating for alle syndene sine. På denne ferda vitja han òg den tyskromerske keisaren Henrik III og truleg erkebiskopen i Hamburg-Bremen.[Note 11]

Birsay endre

 
St. Magnus kyrkja i Birsay[21]. Kyrkja er av nyare dato, men står truleg på den staden der Torfinn jarl let bygge Kristkyrkja i «Byrgesherad».

Etter at Torfinn jarl kom attende til Orknøyane, slutta han med å fare i hærferd og la vekt på å styre land og folk, og på lovgjeving. Han heldt oftast til på ein stad som soga kallar Byrgesherad (norrønt Birgisherað, i dag Birsay)[Note 12] På denne staden let han òg bygge ei Kristkyrkje som vart sentrum for det første bispesetet på Orknøyane.[Note 13] Kyrkjehistorikaren Adam av Bremen[22] opplyser at erkebiskop Adalbert i Hamburg-Bremen, etter påbod frå paven (iussu papae), vigsla ein mann med det norrøne namnet «Thorulf» til den første biskopen i Blascona[23] på Orknøyane.

Bispesetet i Birsay vart oppretta i byrjinga av 1050-åra og det er verd å merke seg at dette var det første bispesetet i Noreg.[24] Dei tre neste bispedøma, i Nidaros, i Oslo og på Selja, vart oppretta av kong Olav Kyrre om lag to tiår seinare.

Ettermæle endre

I tida etter 1046 sat Torfinn jarl som einestyrar over heile jarledømet sitt til han døydde i 1065, og i tida etter Romaferda ser det ut til at det var fred i riket. Han fekk det ettermælet at han var den mektigaste av alle orknøyjarlane og han blir rekna som den store kristningsjarlen i orknøysk historie. Han rådde over Orknøyane og Shetland, og i Orknøyingasoga blir det sagt at han la under seg 9 jarledøme i Skottland, alle Suderøyane og eit stort rike i Irland. Arnor jarlaskald nemner om dette i Torfinnsdråpa[3] (vers 23):

Hringstríði varð hlýða
herr frá Þursaskerjum
— rétt segik þjóð, hvé þótti
Þórfinnr — til Dyflinnar.
Like frå Tusseskjer til Dublin
folk laut lyde gåvmilde fyrste;
i sanning fortel dette (til folk)
kva for ry Torfinn hadde.

I Torfinnsdråpa lovpriser òg skalden Torfinn jarl med motiv frå Voluspå og norrøn mytologi, men sluttar med ei bøn til den kristne guden:

Bjǫrt verðr sól at svartri;
søkkr fold í mar døkkvan;
brestr erfiði Austra;
allr glymr sær á fjǫllum,
áðr at Eyjum fríðri
(inndróttar) Þórfinni
(þeim hjalpi goð geymi)
gœðingr myni fœðask.
Bjarte sol vert svart,
jordi søkk i døkke hav,
Austre[25] yrkelaus gjeng,
sjøen glym yver alle fjell, -
fyrr enn på Orknøyom fødest
fridare gjæving enn Torfinn.
Hjelpe Gud hans sjæl, -
den gode hovding.

Torfinn Sigurdsson jarl vart gravlagt ved Kristkyrkja som han sjølv hadde late bygge i Birsay.[26] Ei stutt tid etter at Torfinn jarl døydde, gifte Ingebjørg seg med ein som Orknøyingasoga kallar «Melkolv skottekonge»[27], som i røynda var den skotske kongen Malcolm III (Canmore) (konge i tida 1057-1093). Ho vart såleis mor til Duncan II,[28] som vart skotsk konge i 1094.

Torfinn og Ingebjørg fekk sønene Pål og Erlend. Dei vart store og vakre menn og godt likt av alt folket; alt teikna til at dei skulle ta arv etter faren og herske sjølvstendig over jarleriket. Slik gjekk det likevel ikkje; deler av riket fall i frå og resten kom under norsk styring. Lenge var dei vel forlikte og delte på styringa, men til sist kom dei i usemje med kvarandre, og dei fekk begge ein vond lagnad.

Adam av Bremen[29] opplyser at «den onde Harald» (Harald Hardråde), la under seg Orknøyane. Truleg skjedde dette under krigsferda i 1066, året etter at Torfinn jarl var død. Først etter denne tida var det «duale jarledømet» ein realitet; riket vart delt i to og orknøyjarlen var underordna to kongar, den skotske og den norske.

Notar endre

  1. Det har vore diskusjon omkring når Torfinn vart fødd. Orknøyingasoga gir tre konkrete opplysningar om Torfinn si alder: han var fem år gamal då morfaren gav han jarlsnamn, han var fjorten år gamal då han baud ut hær og herja i rika til andre hovdingar (kap. 20) og han var fem år gamal då far hans fall (i slaget ved Clontarf 1014). Mest truleg var då Torfinn fødd ut på året 1008. Det høver òg med eit vers i «Torfinnsdråpa» av Arnor jarlaskald (sjå ref.), der det i vers 5 er sagt at han drog på hærferd f ø r han var femten år (fór, áðr fimmtán væri, fetrjóðr Hugins, vetra), dvs tidleg i 1020-åra, og dette kan høve godt med det orknøyingasoga fortel om hendingane etter at han var blitt forlikt med Bruse jarl. Bakgrunnen for diskusjonen kjem av at Orknøyingasoga i kapittel 12 tidfester slaget ved Clontarf til fem år etter Svolder-slaget, og her må sogeforfattaren ha teke feil av årstalet for det sistnemnde slaget.
  2. Orknøyingasoga opplyser berre at ho var «dotter åt Melkolv skottekonge» (s.28). Det fanst to skotske kongar som kunne vere aktuelle, Malcolm MacBrigte, herskar over Moray, og Malcolm II MacKenneth, konge av Alba (sjå «The Northern Earldoms» side 113).
  3. Ingebjørg vart kalla «jarlemor» (jarlamóðir). Ho var syskenbarnet til Tora Torbergsdotter som var gift med kong Harald Hardråde.
  4. Skalden Ottar Svarte var komen på kant med kong Olav og gjorde diktet «Hovudløysinga» nettopp for å «redde hovudet». Ein kunne då lett mistenke skalden for å ha gitt kongen skryt for slikt som han visste at kongen sjølv rekna som storverk, endå om det i røynda var mindre prisverdig.
  5. Kong Olav vart på denne tida (i byrjinga av 1020-åra) oppteken med herdferda for å erobre Danmark, noko som enda med slaget ved Helgeå mot kong Knut den store og ladejarlen Håkon Eiriksson. Etter det slaget (truleg i år 1026) hadde ikkje Olav Haraldsson lenger kongsmakt i Noreg.
  6. «Karl Hundeson» er eit tillaga, norrønt namn, og det er særs uvisst kven han var. Malcolm II sin etterfølgjar som skotsk konge, var dottersonen Duncan I (Ddonnchad mac Crinian). Han var truleg syskenbarnet til Torfinn jarl.
  7. Torfnes: truleg Tarbat Ness på sørsida av Dornoch Firth på Caithness.
  8. Raudebjerg: i «Torfinnsdråpa» er òg nemnt fyr Rauðabjǫrgum og truleg var slagstaden ved Roberry Head på South Ronaldsay
  9. Dette er første referansen til Kirkwall (Kirkjuvágr) i Orknøyingasoga.
  10. Orknøyingsoga (kap. 29) fortel at dei skulle hente malt, som dei skulle ha å brygge av til jul.
  11. Når Torfinn jarl gjorde ei pilegrimsferd til Roma, følgde han i fotspora til mange av dei andre, samtidige herskarane, som t. d. kong Knut den mektige i 1027, hertug Robert I av Normandie i 1028, kong MacBeth av Skottland i 1050, og andre.
  12. Det er i dag diskusjon om kvar helst Torfinn jarl sitt sete Byrgesherad låg. Ein teori er at staden var på tidvassøya Brough of Birsay, eit anna alternativ er der tettstaden Birsay ligg, lenger inne på Mainland.
  13. I «Beretningen om Hamburg stift» (fjerde bok, kap. 8) av kyrkjehistorikaren Adam av Bremen, er det rett nok nemnt at ein «biskop Henrik» (Henrik av Lund) verka som biskop på Orknøyane omkring år 1035. Truleg kan han ha vore ein misjonærbiskop som var blitt sendt ut av erkebiskopen av York.

Referansar endre

  1. Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
  2. Soga um Olav den heilage Omsett av S. Schjött (1900) frå heimskringla.no
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Torfinnsdråpa Arkivert 2016-08-09 ved Wayback Machine. av Arnor jarlaskald
  4. 4,0 4,1 Kalvsflokk Arkivert 2016-10-02 ved Wayback Machine. av Bjarne Gullbrarskald
  5. Sutherland and Caithness in saga-time (Edinburgh 1922) side 37
  6. 6,0 6,1 Malcolm II Scottish monarks
  7. Orknøyingasoga kap. 12/13
  8. Orknøyingasoga kap. 17/18/19
  9. Soga um Olav den heilage kap. 101/102
  10. Hovudløysinga Arkivert 2016-04-24 ved Wayback Machine. av Ottar Svarte
  11. Bruse Sigurdsson Store norske leksikon
  12. Orknøyingasoga side 43
  13. Annals of Tigernach 1034 døydde Máel Coluim mac Cináeda, konge av Alban (Skottland)
  14. Artiklar om Karl Hundason frå liquisearch.com
  15. Soga om Harald Hårfagre kap. 22 (om Ekkjalsbakke)
  16. Orknøyingasoga kap. 21/22
  17. Orknøyingasoga kap. 22
  18. Soga om Magnus den gode kap. 14, frå heimskringla.no
  19. Crawford, The Northern Earldoms s.140
  20. Orknøyingasoga kap. 27/28
  21. St Magnus Church Birsay på Mainland
  22. Adam av Bremen Beretningen om Hamburg stift, (fjerde bok, kap.35) (Aschehoug 1993)
  23. Lærde brev fraa og til P. A. Munch («in civitatem Blasconam» s.374)
  24. Crawford, The Northern Earldoms s.147
  25. Austre var ein av dei fire dvergane som heldt oppe himmelkvelven.
  26. findagrave.com[daud lenkje] Thorfinn "Thorfinn the Mighty" Sigurdsson
  27. Orknøyingasoga kap. 33
  28. Duncan II son til Ingebjørg jarlemor
  29. Adam av Bremen Beretningen om Hamburg stift, (fjerde bok, kap.33, tillegg 146) (Aschehoug 1993)

Bakgrunnsstoff endre

Referanseside Føregjengar O r k n ø y j a r l Etterkomar Tilleggsopplysningar
Orknøyjarlane Sigurd Lodvesson Torfinn Sigurdsson
Samstyre:
Sumarlide Sigurdsson
Bruse Sigurdsson
Einar Sigurdsson
Ragnvald Brusesson
Samstyre:
Erlend Torfinnsson
Pål Torfinnsson
Birsay