Torfinnstindane

Torfinnstindane er eit fjell med tre fjelltoppar i Noreg, den høgaste av dei 2120 meter over havet. Han ligg i Vang kommune i Innlandet i den sørlege delen av Jotunheimen. Han ligg på nordsida av vatnet Bygdin og på vestsida av Svartdalen. Han er den sørlegaste og mest markante toppen langs ein lang rygg med tolv toppar på 2000 meter over havet. Toppen kan observerast frå dei fleste fjella i den sørlege Jotunheimen.

Torfinnstindane
fjell
Torfinnstind.jpg
Austtoppen av Torfinnstindene, august 2006
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Vang (Innlandet)
Fjellområde Jotunheimen
Høgd 2 120 moh.
Primærfaktor 190 m
Førstestiging 1876 (Emanuel Mohn, William Cecil Slingsby, Knut Lykken)
Koordinatar 61°22′20″N 8°34′50″EKoordinatar: 61°22′20″N 8°34′50″E

Torfinnstindane
61°22′20″ N 8°34′50″ E
Wikimedia Commons: Torfinnstindene
Dei tre Torfinnstindane frå Kalvehøgde.

Fjellet består av tre toppar, Østre, Midtre og Vestre Torfinnstind. Namnet kjem truleg av det norske mannsnamnet Torfinn, men andre kjelder hevdar at namnet kjem frå eit lokalt namn på ein type gras og at det gjennom dei siste hundreåra har endra seg til Torfinn.

Austtoppen vart klarta første gong i 1876 av Emanuel Mohn, William Cecil Slingsby og Knut Lykken. Dei to første var fjellklatrarar frå Kristiania og Storbritannia, og den tredje ein lokal ekspert. I 1894 vart den midtre toppen klatra av Andreas Saxegaard, Therese Bertheau, Antonette Kamstrup og Tostein Røine, sistnemnde ein lokalkjend. Vesttopen, som er den lettaste å klatre, vart vitja første gong i 1912 av Rolv Ødegaard

Fjelltoppane er dei sørlegaste på over 2000 meter i Noreg og består av den ekstremt harde bergarten gabbro. Utsynet frå toppen, særleg den austlege av dei, er ein av dei beste i Noreg og på ein klår dag kan ein nesten sjå heilt til Oslo.

Ein kan nå både den austlege og den vestlege toppen til fots, men turen opp er hard. Den midtre toppen kan berre klatrast.

KjelderEndra