Torgeir Bernhof Petersson Lund (28. juni 18699. mai 1934) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Kolvereid i Nord-Trøndelag.

Torgeir P. Lund

Lund arbeidde på farsgarden og dreiv fiske frå unge år. Skulevinteren 1886/87 gjekk han Namdal folkehøgskule. Han overtok farsgarden i 1914, heldt elles fram med fiske til han var over 50 år gammal.

Lund var medlem av Kolvereid heradsstyre 1899–1901 og frå 1905 til han døydde. Han var varaordførar 1908–16 og ordførar 1920–34. Elles var han revisor i Kolvereid Sparebank, medlem i forliksrådet og formann i det lokale fiskeristyret.

Frå 1928 til han døydde var Lund 1. vararepresentant til Stortinget frå Nord-Trøndelag. Han møtte i staden for statsråd Haakon Five frå mars 1933 til mai 1934. Han var medlem i Finans- og tollkomitéen.

Under tingsamlinga i Oslo våren 1934 vart han alvorleg sjuk. Døydde på Rikshospitalet.

Kjelder endre