Torpo er ein tettstad og eit sokn i Ål kommune i Hallingdal i Viken. Hallingdalselve renn gjennom Torpo, og jamsides med elva går Riksveg 7 på nordsida og Bergensbanen på sørsida.

Torpo
tettstad
Torpo stavkyrkje.jpeg
Torpo stavkyrkje er frå mellomalderen og Torpo nye kyrkje er frå 1880. Bilete frå 1880-talet.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Viken
Kommune Ål
Areal 0,75 km²
Folketal 401 (2017)
Folketettleik 535 / km²
Postnummer 3579 TORPO
Kart
Torpo
60°39′52″ N 8°43′10″ E
Wikimedia Commons: Torpo
Torpo stasjon

Tettstaden Torpo har 401 innbyggjarar per 1. januar 2017 og er opphavleg ein stasjonsby, sjølv om jernbanen ikkje lenger stoppar på stasjonen.

I Torpo sokn, som har omtrent 830 innbyggjarar (2013), finst to kyrkjer: Torpo stavkyrkje frå mellomalderen og Torpo nye kyrkje frå 1880.

Folk frå TorpoEndra

Lausdansaren Martin Myhr er frå Torpo.

FolketalsutviklingEndra

Folketalsutvikling på tettstaden Torpo
År Innbyggjarar
1950
  
203
1960
  
290
1970
  
242
1980
  
337
1990
  
417
2000
  
399
2009
  
405
2012
  
401
Kjelder:
  Denne Vikenartikkelen som har med geografi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.