Tout l’Univers

song frå 2021 med Gjon's Tears
«Tout l’Univers»
Song av Gjon's Tears
Land Sveits
Språk Fransk
Utgjeve 10. mars 2021
Sjanger Pop
Lengd 03:04
Selskap Jo&Co, Sony
Komponist Gjon's Tears
Låtskrivar(ar) Gjon Muharremaj, Xavier Michel, Wouter Hardy, Nina Sampermans

«Tout l‘Univers» (norsk omsetjing 'heile universet') er ein franskspråkleg popballade som vert framført av den sveitsiske songaren Gjon's Tears. Songen vart utgjeven 10. mars 2021 og er komponert av artisten sjølv, saman med Xavier Michel, Wouter Hardy og Nina Sampermans. «Tout l‘Univers» var det sveitsiske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland, der han enda på tredjeplass. Låten vart vald gjennom ei lukka juryvurdering i regi av den sveitsiske kringkastaren SRG SSR.[1][2]

Om songen endre

Melodien er komponert av den sveitsiske songaren Gjon Muharremaj, kjend under artistnamnet Gjon's Tears. Han har albansk bakgrunn; faren er kosovoalbaner, medan mora er frå den albanske hovudstaden Tirana. Muharremaj skreiv songen saman med Xavier Michel, Wouter Hardy og Nina Sampermans under ein sveitsisk låtskrivarleir, og det er han sjølv som framfører den.

Songen har fransk tekst, og tittelen tyder heile universet. Ser ein bort frå 2020, er «Tout l'Univers» det fyrste franskspråklege bidraget til Sveits i tevlinga på elleve år – etter at Michael von der Heide song «Il pleut de l'or» i 2010.[3][2]

Eurovision Song Contest endre

Gjon's Tears skulle ha representert Sveits i Eurovision Song Contest 2020 med songen «Répondez-moi». Men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien, og den sveitsiske kringkastaren SRG SSR vedtok at Gjon's Tears i staden skulle få representere landet i Eurovision Song Contest i 2021.

Vinteren 2020–21 presenterte artisten fleire ulike songar for ei jurygruppe på 100 personar, i tillegg til ein ekspertjury. «Tout l'Univers» fekk flest røyster frå dei to juryane og vart dimed det sveitsiske bidraget til Eurovision Song Contest 2021.[2]

«Tout l‘Univers» var eitt av 17 bidrag i den andre semifinalen i Rotterdam Ahoy i Nederland torsdag 20. mai. Der vann songen semifinalen og kvalifiserte seg til finalen laurdag 22. mai.[1][4] «Tout l'Univers» var det ellevte bidraget på scena under finalen.[5] Songen vann juryavrøystinga, men vart nummer seks i telefonavrøystinga og enda til slutt på ein tredjeplass med 432 poeng samla. Dette var den beste plasseringa til Sveits i Eurovision Song Contest sidan 1993.[6]

Listeplasseringar endre

Liste (2021) Høgaste

plassering

Belgia (Ultratop Flandern)[7] 50
Finland (Suomen virallinen lista)[8] 5
Hellas (IFPI Greece)[9] 27
Irland (IRMA)[10] 52
Island (Tónlistinn)[11] 13
Litauen (AGATA)[12] 9
Nederland (Single Top 100)[13] 16
Noreg (VG-lista)[14] 36
Portugal (AFP)[15] 118
Storbritannia (UK Singles)[16] 93
Sveits (Schweizer Hitparade)[17] 1
Sverige (Sverigetopplistan)[18] 21
Tyskland (Deutsche offizielle Charts)[19] 86
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[20] 68

Utgjevingshistorikk endre

Region Dato Format Merke Ref.
Diverse 10. mars 2021 Digital nedlasting, strøyming Jo&Co, distribuert via Sony [21]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Gjon's Tears presents 'Tout l‘Univers'». Eurovision.tv. 10. mars 2021. Henta 10. mars 2021. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Gjon's Tears reveals "Tout l'univers" — Switzerland's Eurovision 2021 song» (på engelsk). 10. mars 2021. Henta 10. mars 2021. 
  3. «Répondez-moi! Gjon's Tears will represent Switzerland at Eurovision 2020» (på engelsk). 4. mars 2020. Henta 4. mars 2020. 
  4. «Eurovision 2021 Semi-final 2 Results». Henta 22. mai 2021. 
  5. «Grand Final of Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 22. mai 2021. 
  6. «Congratulations ITALY: Måneskin win Eurovision Song Contest 2021» (på engelsk). 22. mai 2021. Henta 23. mai 2021. 
  7. «Gjon's Tears - Tout l'univers - ultratop.be». Henta 5. september 2021. 
  8. «Gjon's Tears – Tout l'Univers – Sijoitukset: Single» (på finsk). Henta 5. september 2021. 
  9. «Official IFPI Charts Digital Singles Chart (International) Week: 21/2021». IFPI Greece. 7. juni 2021. Arkivert frå originalen 7. juni 2021. Henta 5. september 2021. 
  10. «IRMA – Irish Recorded Music Association». Henta 5. september 2021. 
  11. «TÓNLISTINN – LÖG vika 21–2021» (på islandsk). Tónlistinn Plötutíðindi. 31. mai 2021. Arkivert frå originalen 31. mai 2021. Henta 6. juni 2021. 
  12. «2021 21-os SAVAITĖS (gegužės 21-27 d.) SINGLŲ TOP100.» (på litauisk). 28. mai 2021. Henta 29. mai 2021. 
  13. Hung, Steffen. «Gjon's Tears - Tout l'univers». Henta 5. september 2021. 
  14. «Gjon's Tears». Henta 5. september 2021. 
  15. «portuguesecharts.com - Gjon's Tears - Tout l'univers». Henta 5. september 2021. 
  16. «tout l'univers | full Official Chart History | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 5. september 2021. 
  17. «Gjon's Tears - Tout l'univers - hitparade.ch». Henta 5. september 2021. 
  18. «swedishcharts.com - Gjon's Tears - Tout l'univers». Henta 5. september 2021. 
  19. «Gjon's Tears – Tout l'Universe – Single». Offizielle Deutsche Charts. 28. mai 2021. Henta 5. september 2021. 
  20. Hung, Steffen. «Gjon's Tears - Tout l'univers». Henta 5. september 2021. 
  21. «Tout l'univers - Single by Gjon's Tears» (på engelsk). Arkivert frå originalen 8. desember 2021. Henta 10. mars 2021.