Tove Lie (fødd 3. april 1963) er ein norsk journalist og redaktør frå Landsjøåsen i Trysil som også har vore forlagsdirektør i Det Norske Samlaget frå 1. september 2008 til 3. februar 2011. Ho er frå 2012 redaktør i kunnskapsavisa Khrono, som blir gitt ut av elleve ulike universitet og høgskular.

Tove Lie
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. april 1963 (61 år)
Trysil kommune
Yrke journalist, redaktør
Språk norsk

Lie har tidlegare vore ansvarleg redaktør og dagleg leiar i avisa Nationen. Før dette har ho vore vaktsjef, redaksjonssjef og nyhenderedaktør i same avis, og overtok som ansvarleg redaktør og administrerande direktør 3. mars 2005. Før ho byrja i Nationen var Lie mellom anna journalist og konst.redaktør i Ny Tid, journalist i Klassekampen,Arbeiderbladet, Fagbladet og LO-aktuelt. I studietida hennar ved Universitetet i Trondheim var ho òg journalist og redaktør i Under Dusken – studentavisa i Trondheim. Lie er cand.mag. med faga sosiologi, psykologi og historie.

Tove Lie har gitt ut tre bøker: Fredsnasjonens grenseløse våpenhandel på Aschehoug forlag i 2012 saman med Øystein Michalsen, Grepa kvinnfolk. Foretellinger om dem som gikk før oss på Trysilforlaget i 2015. Adoptert og forlatt på Frisk forlag i 2023 saman med Alexander Skadberg. Adoptert og forlatt fekk gode kritikkar, mellom anna i Aftenposten under tittelen Alarmerende adopsjonsfortelling. Avisa Nordland gav terningkast fem under tittelen En hjerteskjærende og ærlig historie

Utmerkingar

endre



  1. «Khrono vant årets Fagpressepris», www.forskning.no (på norsk bokmål), 6. juni 2014, henta 26. november 2023