Trænafestivalen er ein musikkfestival som finn stad på Husøya i Træna kommune kvar sommar.

Historikk endre

Trænafestivalen har eksistert heilt sidan 1978, men før 2003 var festivalen mest for øya sine eigne innbyggjarar.

I 2003 starta festivalen opp slik me kjenner han i dag, i juli under midnattssola. Det store trekkplasteret den gongen var DumDum Boys. Festivalen vart ein suksess og har gjenteke seg kvar sommar etterpå. Om lag 2000 festivalpass vert selde kvart år; folketalet i kommunen vert altså mangedobla i festivaldagane.

Kvar festival har ein konsert i den naturlege fjellgrotta KirkhellerenSanna, og ein i Træna kyrkje. Desse konsertane har ofte eit heilt spesielt preg.

Festivalen gjer ikkje noko forsøk på å invitera dei aller største artistnamna, men vil heller prøva å vera eksotisk. Nokre av artistane som har vitja Trænafestivalen, er: DumDum Boys, Damien Rice, Kings of Convenience, Ida Maria, Tungtvann, Gåte, Madrugada, Publiners, Kaizers Orchestra, Bertine Zetlitz, Ingrid Olava, Rockettothesky, Heroes & Zeros og Cyaneed.

Kjelder endre