Periferieininga Tríkala
Periferieininga Tríkala Περιφερειακή ενότητα Τρικάλων | |
---|---|
![]() | |
Periferi | Thessalía |
Hovudstad | Tríkala |
Folketal | 131 085 (2011[1]) Rangering 25. |
Areal | 3 384 km² |
Folketettleik | 39/km² |
Kommunar | 4 |
Postnummer | 42x xx |
Retningsnummer | 243x0 |
Bilnummer | TK |
Heimeside | www.trikala.gr |
Periferieininga Tríkala (gresk Περιφερειακή ενότητα Τρικάλων, Periferiakí enótita Trikálon) er ei periferieining i Hellas i periferien Thessalía.[2] Hovudstaden i periferieininga er Tríkala. Tríkala vart oppretta som eit prefektur i 1881 og Kardítsa vart skild ut i 1947. Tríkala ligg nordvest for byane Aten og Kardítsa, aust for Ioánnina og Métsovo, sør for Grevená, sørvest for Thessaloníki og vest for Lárisa. Av periferieiningar grenser Tríkala til Kardítsa i sør, Árta i sørvest, Ioánnina i vest, Grevená i nord og Lárisa i aust.
Administrativ inndeling Endra
Tidlegare var Tríkala eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fire kommunar.[2]
Periferieining | Kommune | Tidlegare kommune |
Postnummer | Retningsnr |
---|---|---|---|---|
Tríkala | Kalambáka | Kalambáka | 422 00 | 24320-2 |
Khásia | 422 00 | 24320-95 | ||
Malakási | 422 00 | 24320-71 | ||
Tymféa | 422 00 | 24320-92 | ||
Kastaniá | 420 36 | 24320-88 | ||
Klinós | 422 00 | 24320-31 | ||
Vasilikí | 422 00 | 24320-91 | ||
Aspropótamos | 421 00 | 24310-7 | ||
Pýli | Pýli | 420 32 | 24340-2 | |
Gómfi | 421 00 | 24310-62 | ||
Pialía | 421 00 | 24310-52 | ||
Éthikes | 420 32 | 24340-71 | ||
Pindéos | 420 32 | 24340-93 | ||
Myrófyllo | 420 33 | 24340-31 | ||
Neráida | 420 37 | 24340-3 og -7 | ||
Tríkala | Tríkala | 421 00 | 24310-2 til 4 | |
Paliókastro | 421 00 | 24310-87 | ||
Estieótida | 421 00 | 24310-71 | ||
Kallídendro | 421 00 | 24310-94 | ||
Megála Kalývia | 420 30 | 24310-43 | ||
Faloría | 421 00 | 24310-85 | ||
Paralithéi | 421 00 | 24310-96 | ||
Kóziakas | 421 00 | 24310-93 | ||
Farkadóna | Farkadóna | 420 31 | 24330-2 | |
Ikhalía | 423 00 | 24330-31 | ||
Pelinnéi | 421 00 | 24310-53 |
Geografi Endra
Tríkala inneheld ein del av Den thessaliske sletta i sør og aust. Píndosfjella dominerer i vest. Dei nordlege områda er òg fjellkledd. Den største elva, Piniós, renn i sør.
Historie Endra
Området rundt Tríkala var i antikken ein del av Kongedømet Makedonia, før romarane tok over. Seinare vart det styrt av Austromarriket, Stor-Vlakhia og til slutt Det osmanske riket. Under tyrkarane sitt styre vart området påverka av den greske sjølvstende krigen i 1881. Fleire landsbyar vart flytta for å halde seg skjult frå tyrkarane og området vart til slutt ein del av Hellas i 1881. Periferieininga inkluderte Kardítsa fram til 1947.
Byar og tettstader Endra
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[1] |
---|---|---|
Tríkala | Tríkala | 61 653 |
Kalambáka | Kalambáka | 8 330 |
Ikhalía | Farkadóna | 2 357 |
Farkadóna | Farkadóna | 2 052 |
Pýli | Pýli | 1 873 |
Megála Kalývia | Tríkala | 1 849 |
Megalokhóri | Tríkala | 1 490 |
Vasilikí | Kalambáka | 1 375 |
Fíki | Pýli | 1 361 |
Grizáno | Farkadóna | 1 290 |
Zárkos | Farkadóna | 1 247 |
Pijí | Pýli | 1 227 |
Kastráki | Kalambáka | 1 117 |
Paleomonástiro | Pýli | 1 078 |
Gómfi | Pýli | 962 |
Referansar Endra
- ↑ 1,0 1,1 Folketeljing 2011, revidert
- ↑ 2,0 2,1 Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
Kjelde Endra
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Trikala Prefecture frå Engelsk Wikipedia .