Traktormerket Kullervo

Kullervo var ein finsk traktor, som vart produsert frå 1918 til 1924[1]. Han hadde ein firesylindra motor med eit slagvolum på 7,4 liter og ei effekt på 30 hk. Traktoren hadde ein masse på 2200 kg. Motor, girkasse og bakaksel var bolta saman til eit stykke, på same måte som Fordson F, og alle tannhjul gjekk i oljebad, noko som var svært uvanleg på denne tida. Namnet «Kullervo» var henta frå den tragiske skikkelsen Kullervo i det finske nasjonaleposet Kalevala.

Ein Kullervo vert nytta til å trekkje eit treskjeverk.

Traktoren var konstruert av ingeniøren Gusaf Wrede, som hadde studert i Darmstadt i Tyskland[1]. Produksjonen føregjekk ved Jarnverket i Aura (Auran Rautateollisuus). Traktoren vart eksportert til fleire land og Russland var ein av dei viktigaste marknadane. Men etter Den russiske revolusjonen i 1917 vart det slutt på eksporten til Russland.

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 H. Niskanen, Från Munktells till Valtra, Valtra Inc., 2000.