Transisjonsmetall

Transisjonsmetalla, eller innskotsmetalla, er grunnstoffa i gruppene 3-12 i periodesystemet. Dette er dei same gruppene som utgjer d-blokka. For desse grunnstoffa vert d-orbitalane fylt med elektron etterkvart som ein går mot høgre i periodane.

Eigenskapar endre

Transisjonsmetalla har høge smeltepunkt og er harde. Smeltepunkta er høgast i gruppe 6. Mange av dei kan ha mange oksidasjonstrinn. Høge trinn er stabile, særleg nede i gruppene. Grunnstoffa kan vera sentralatom i ulike kompleks. Transisjonsmetalla dannar ofte farga sambindingar.

Sjå òg endre