Trash av Alice Cooper

studioalbum av Alice Cooper
Trash
Studioalbum av Alice Cooper
Språk engelsk
Utgjeve 25. juli 1989
Innspelt 1989
Sjanger Heavy Metal
HardRock
Lengd 40:11
Selskap Epic
Produsent Desmond Child
Kritikk
Alice Cooper-kronologi 
Raise Your Fist and Yell
(1987)
Trash Hey Stoopid
(1991)


Trash er det 18. studioalbumet til Alice Cooper, gjeven ut i juli 1989.

Albumet inneheldt songen «Poison», den første Topp 10-hitten til Cooper i USA sidan «You and Me» i 1977. Etter at Alice Cooper gjorde comeback i 1986 med den suksessrike turneen «The Nightmare Returns», hadde Cooper fått hjelp frå Desmond Child til å lage eit comebackalbum. Trash vart eit av dei største albuma til Cooper og det vart laga musikkvideoar for «Poison», «Bed of Nails», «House of Fire» og «Only My Heart Talkin'». Cooper la ut på ein verdsturne etter albumet og konsertvideoen Alice Cooper Trashes The World vart gejven ut.

Albumet inneheld gjesteframferder av Jon Bon Jovi, Stiv Bators, Steven Tyler, samt gitaristen Kane Roberts, som forlet bandet til Cooper i 1988. Av artistar som medverka til låtskrivinga finn ein Joan Jett, Diane Warren, Jon Bon Jovi og Richie Sambora.

Korvokalist Louis «Louie» Merlino og trommeslagar Bobby Chouinard spelte i lag i Beggars & Thieves.

Innhald endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Poison»Alice Cooper, Desmond Child, John McCurry4:29
2.«Spark in the Dark»Cooper, Child3:52
3.«House of Fire»Cooper, Child, Joan Jett3:47
4.«Why Trust You»Cooper, Child3:12
5.«Only My Heart Talkin'»Cooper, Bruce Roberts, Andy Goldmark4:47
6.«Bed of Nails»Cooper, Child, Kane Roberts, Diane Warren4:20
7.«This Maniac's in Love with You»Cooper, Child, Bob Held, Tom Teeley3:48
8.«Trash»Cooper, Child, Mark Frazier, Jamie Sever4:01
9.«Hell Is Living Without You»Cooper, Child, Jon Bon Jovi, Richie Sambora4:11
10.«I'm Your Gun»Cooper, Child, McCurry3:47

Den japanske utgåva hadde to konsertopptak som bonusspor:

  1. "Cold Ethyl (live)"
  2. "Ballad of Dwight Fry (live)"

Medverkande endre

Lister endre

Album endre

År Liste Plassering
1989 Billboard 200 20[2]
1989 Storbritannia 2
1989 Australia 5[3]
1989 Austerrike 4[4]
1989 Noreg 4[5]
1989 Sverige 6[6]
1989 Sveits 10[7]
1990 Ungarn 13

Singlar endre

År Singel Liste/Plassering
Billboard Hot 100 Mainstream Rock Tracks
1989 «Poison» 7 17
«Bed of Nails» 20 24
1990 «House of Fire» 56 39
«Only My Heart Talkin'» 89 19

Kjelder endre