Trau
Trau er eit avlangt, uthola kar eller fat av tre.[1] Det er oftast laga av ein kløyvd, uthola stokk. Trau har blitt brukt som matkar, til matlaging, foring av dyr og oppbevaring.
HistorieEndra
I Osebergskipet blei det funne fire trau. Det største er 2,2 meter langt og 56 cm breitt, medan det minste trauet i osebergfunnet er 9 x 5 cm.[2] Det største trauet frå Osebergskipet har truleg vore brukt til baking, og i botnen blei det funne restar av rugmjøl.[3]
BrukEndra
I hushaldninga har ein hatt bruk for mange trau i ulike storleikar til ulike bruksområde.
BakstetrauEndra
Ved baking kunne ein bruke et bakstetrau til å kna deigen i og til oppbevaring av deigen under heving.
DrøftetrauEndra
Etter tresking skulle kornet reinsat for småhalm og angner. For den siste finreinsinga, drøftinga, blei kornet lagt i eit drøftetrau. Ein tok litt av gongen og stilte seg i låvedøra eller ein annan stad der det var litt vind slik at støv og agnar bles bort når kornet blei kastet i vêret.[4]
GrauttrauEndra
Trau brukt til å eta graut frå.
GrisetrauEndra
Grisetrau er brukt både som nemning på eit stort trau brukt til slakting og salting av kjøt og om kar til mat og drikke for gris. Kar til mating av gris blir også ofte kalla grisetro. Den siste typen kan både vera laget av ein uthola stokk, samanspikra bord eller av keramisk materiale.[5]
KaffitrauEndra
På 1800-talet og ei god stund utover 1900-talet var det vanleg å kjøpa rå kaffi som ein så brende og mol heime. Kaffen kunne brennast i ei jerngryte om ein ikkje hadde eigen kaffibrennar. Etter brenninga kunne ein hella dei varme kaffobønene over i eit kaffitrau for avkjøling. På grunn av varmen fekk kaffitrauet eit belegg av svart kull innvendig, og det passa derfor ikkje til bruk for annan mat.
MjølketrauEndra
Mjølketrau har vore brukt til å sila mjølk i og til å setja bort mjølk for at fløyten skulle flyta opp og skiljast frå mjølka eller til oppbevaring av mjølk eller rømme til surning. På 1800-tallet ser det ut til at vide, lagga mjølkeringer var det vanlegaste å bruka til dette, men trau er nok det eldste karet til slik bruk.[6]
OstetrauEndra
Ostetrau er brukt til å røra ut brunost i og til gjæring av pultost.
SmørtrauEndra
Trau til å vaska, salte og elta smør i etter kinninga. Om ein hadde eige trau til dette, var det gjerne litt breiare enn trau som blei brukt til mjølk.[7]
SoptrauEndra
Soptrau viser til trau ein brukte til å bara ut sop og boss i.[8]
SpontrauEndra
Spon er eit gammelt ord brukt om treskeier. Ordet heng saman med det engelske ordet spoon, og spontrau blei brukte til å ha treskeier i mellom måltida.[9]
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Trau» frå Wikipedia på bokmål, den 31. august 2019.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Reinton, Lars (1969): Til seters. Norsk seterbruk og seterstell. Oslo.
- Stigum, Hilmar (1974): «Trug»: Atikkel i Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder. Oslo. Bind 18, spalte 711.
- Visted, Kristoffer og Stigum, Hilmar, (1951): Vår gamle bondekultur. Oslo.
- Østby, Jon Birger (1984): Nomenklatur for melkestell. Med tegninger av Torill Sand. Oslo.[daud lenkje]