Treblåseinstrument

(Omdirigert frå Treblåsarar)

Treblåseinstrument ei gruppe musikkinstrument av blåseinstrument-familien. Instrumenta skil sig frå messingblåseinstrumenta ved at dei normalt er laga av tre (det finst treblåseinstrument laga av metall). Mellom instrumenta i denne gruppa kan ein nemne klarinett, saksofon, tverrfløyte, blokkfløyte, fagott, engelsk horn, obo og sekkepipe.

Treblåseinstrument

Klassifiseringblåseinstrument
Basunar

Konstruksjon endre

Det som seier at eit blåseinstrument er eit messinginstrument eller treblås er kva materiale det opphavleg blei laga i. Treblåseinstrumenta har som regel eit munnstykke der vibrasjonen frå eitt eller to røyrblad i vibrasjon skaper lyden. Fløyter har derimot ikkje denne konstruksjonen, desse gir lyd ved å få lyden til å vibrere ved å blåse inni ein skarp kant.

Bruksområde endre

Treblåseseksjonen er ein viktig del av symfoniorkesteret, men er òg vanleg i kammerorkester. I slike orkester er saksofonen uvanleg. Til liks med tverrfløyta eignar saksofonen seg som soloinstrument. Saksofonen er ofte å finne i storband og andre jazzorkester. Fagotten blir mest brukt i klassiske orkester og vart konstruert som eit bassinstrument i treblåsefamilien. Med wienerklassisismen sitt inntog fekk fagotten òg solististiske oppgåver.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Treblåseinstrument