Treeiningskyrkja i Antarktis
Treeiningskyrkja (russisk Церковь Святой Троицы, Tserkov Svjatov Troits) er ei lita russisk-ortodoks kyrkje på King George Island nær den russiske Bellingshausen-stasjonen i Antarktis. Ho er den sørlegaste austleg-ortodokse[1] kyrkja[2] i verda.
Treeiningskyrkja | |||
kyrkje | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | King George Island | ||
- koordinatar | 62°11′47″S 58°58′19″W / 62.196429°S 58.97201°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Treeiningskyrkja i Antarktis 62°11′47″S 58°57′35″W / 62.196369444444°S 58.959769444444°W | |||
Wikimedia Commons: Trinity Church, Antarctica |
Prosjektet starta i 1990-åra. Ved hjelp av donasjonar frå heile Russland vart det oppretta ein organisasjon som utlyste ein arkitektkonkurranse vart utlyst. Kyrkja er ein 15 meter høg trebygning bygt i tradisjonell russisk stil. Han kan ta imot opp til 30 personar. Bygningen vart bygd av sibirfuru av snekkarar frå Altaj, så skrudd frå kvarandre, frakta til Kaliningrad og så med båt til King George Island av det russisk forsyningsskipet «Academician Vavilov». Kyrkja vart så sett opp på ein ås oppom Bellingshausen-stasjonen.[3] Ikonostasen i kyrkja vart laga av målarar frå Palekh. Kyrkja vart vigsla den 15. februar 2004.[4][5]
Ein eller to ortodokse prestar held til i kyrkja året rundt. Prestane er munkar frå Troitse-Sergijeva Lavra.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Trinity Church (Antartica)» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mars 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ verda Wide Antarctic Program. A Catholic Church i Antarktis ... a Challenge frå WAP Arkivert 2014-03-19 ved Wayback Machine., 29. januar 2006. Visited 15 April 2006.
- ↑ [[St. Ivan Rilski-kapellet|]] ved den bulgarske St. Kliment Ohridski-basen er eit ortodoks kapell som ligg enn lenger sør, medan Chapel of Snows i Antarktis ved den amerikanske McMurdo-basen er den sørlegaste religiøse bygningen i verda.
- ↑ Анна ПАЛЬЧЕВА (Anna Palcheva) (4.02.05). «Настоятель Антарктиды (Antarktis's parish priest)» (på russisk) (№4(11)). (Interview with Father Kallistrat)
- ↑ p.8, arkivert frå originalen 3. mai 2009, henta 19. mars 2014
- ↑ s. 10
Bakgrunnsstoff
endre- (russisk) Historia til kyrkja Arkivert 2006-06-29 ved Wayback Machine.
- (russisk) Bilete