Tregde er ein liten stad med mange fritidshytter og sumarbustader ved kysten i Lindesnes kommune i Agder fylke, om lag ei mil aust for byen Mandal. Skjergarden utanfor Tregde er stor og dreg til seg ei mengd båtturistar i sumarhalvåret.

Fastmerket for Noreg for geografiske oppmålingar av høgder i meter over havet, det såkalla fundamentalpunktet (normalnull 1954, NN 1954), ligg i Tregde og er markert med eit monument i granitt med ein globus i toppen. For Svalbard ligg fundamentalpunktet i Ny-Ålesund.