Trehumle

insektart
Trehumle
Hann av trehumle Foto: Arnstein Staverløkk
Hann av trehumle
Foto: Arnstein Staverløkk
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Årevenger Hymenoptera
Familie: Langtungebier Apidae
Slekt: Humler Bombus
Art: Trehumle B. hypnorum
Vitskapleg namn
Bombus hypnorum

Trehumle (Bombus hypnorum) er ei humle som i hovudsak lever under tregrensa; både i skogen og i bynære strok. Trehumla finst over det meste av Europa og austover gjennom Asia til kysten av Stillehavet, og har nyleg kolonisert Storbritannia. I Noreg er ho særs vanleg. Ho finst over heile landet og er ei av dei fyrste humlene som kjem fram om våren.[2] I nokre år er dronningane på vengene i fyrste helvta av mars.

Trehumla byggjer vanlegvis bolet på ein mørk og verna stad over bakken, som i eit holt tre, ein fuglekasse, eit svalereir eller i ein husvegg. Ho har tolleg store koloniar på 80–400 individ. Ho kan vera aggressiv om ho vert uroa i bolet.

Trehumla kan forvekslast med barskoghumla og lushatthumla.

Kjelder endre

  •   Denne artikkelen nyttar som kjelde og kan innehalda tekst og formuleringar frå artikkelen Trehumle skriven av Frode Ødegaard, Jan Ove Gjershaug, Arnstein Staverløkk og Roald Bengtson. Artikkelen vart utgjeven av Norsk institutt for naturforsking under lisensen CC BY 3.0. Henta 10. august 2020.
Referansar
  1. Ødegaard F, Lønnve OJ, Staverløkk A og Sydenham MAK (24.11.2021). (24. november 2021). «Vepser: Vurdering av trehumle Bombus (Pyrobombus) hypnorum for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022. 
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.