Tremolitt
Tremolitt er eit kvitt til grått mineral som tilhøyrer amfibolgruppa. Det er eit kalsium-magnesiumsilikat Ca2Mg5Si8O22(OH)2, og dannar ein blandkrystallserie med den jernrike aktinolitt. Det finst som stråleforma aggregat og i fibrig form (asbest). Det finst i lågmetarmorfe bergartar som dolomittmarmor (til dømes i Nordland) og talkskifer.
Tremolitt | |
![]() Tremolitt frå typelokaliteten i Sveits | |
Generelt | |
---|---|
Kategori | Amfibol |
Kjemisk formel | Ca2Mg5Si8O22(OH)2 |
Strunz-klassifisering | 9.DE.10 |
Krystallsymmetri | Monoklin 2/m prismatisk |
Einingscelle | a = 9.84 Å, b = 18.02 Å, c = 5.27 Å; β = 104.95°; Z = 2 |
Identifikasjon | |
Farge | Kvit, grå, lavendel til rosa, lysegrøn, lysegul |
Krystallform | langstrekte prismatisk, eller flattrykte krystallar; òg som trådaktig, korna eller skiveforma samlingar |
Krystallsystem | Monoklin |
Tvilling | Enkel eller multiple, er vanleg parallell til {100}; rarely parallell til {001} |
Kløyv | perfekt på {110} ved 56° og 124°; delingar på {010} og {100} |
Fastleik | Sprø |
Mohs hardleiksskala | 5 – 6 |
Glans | glasaktig and silkeaktig |
Strekfarge | Kvit |
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg |
Spesifikk vekt | 2.99 – 3.03 |
Optiske eigenskapar | |
Optiske eigenskapar | Toaksa (-) |
Brytingsindeks | nα = 1.599 - 1.612 nβ = 1.613 - 1.626 nγ = 1.625 - 1.637 |
Dobbeltbryting | δ = 0.026 |
2V-vinkel | Målt: 86° til 88° |
Ultrafiolett fluorescens | Kort UV=gul, lang UV=rosa |
Kjelder | [1][2][3] |
Tremolitt vart først skildra i 1789 etter ein førekomst i Campolungo i Piumognadalen i Leventina i Ticino i Sveits.[1]
Kjelder Endra
- Tremolitt. (2012, 21. januar). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/tremolitt.