Trengereid Fabrikker
Trengereid Fabrikker var ein tekstilfabrikk etablert på Trengereid, no i bydelen Arna i Bergen kommune, i 1895. Fabrikken produserte band og lisser, og hadde eige kraftverk. Produktspekteret var stort: alt frå isolasjonsband og etikettar, til BH-stropper og selar.


Fabrikken hadde tette band til industrigründerane i Arne Fabrikker i Ytre Arna; Peter Jebsen kjøpte rettane til Skulstadelva på Trengereid i 1878, og broren Johan Jebsen etablerte bandfabrikken Trængereid Fabrik der i 1895. Den yngste sonen hans, Karl Jebsen, tok over fabrikken på Trengereid i 1899, og i 1910 utvida han med ein fabrikk til: Karl Jebsens Baand- og Lidse-Fabrik. Denne låg på Solheim, nær Danmarks plass i Bergen. I 1915 vart den ein del av aksjeselskapet Trengereid Fabrikker.


1970-talet førte med seg mange fusjonar og omorganiseringar: I 1974 fusjonerte Trengereid fabrikker med Oslo Baand & Lidsefabrikk og skifta namn til A/S Cebelle-Trengereid, etter Cebelle, varemerket til Oslo Baand og Lidsefabrik. Som ein del av denne prosessen fekk bedrifta ein ny produksjonsstad i Tistedalen ved Halden. I 1979 overtok Cebelle-Trengereid eit produksjonsanlegg for gåveband, Jul-I-Nor, og på 1980-talet kjøpte bedrifta fletteriet og hekleriet ved Teko Fabrikker i Bergen. I 1987 vart drifta på Trengereid lagt ned, og ved 100-års jubileet i 1995 var heile produksjonen samla i avdelinga Solheim på Danmarks plass i Bergen. I 1999 vart også denne avdelinga lagt ned.
Referansar endre
- ↑ «Trengereid Fabrikker, sett frå sjøen i 1910.» (på norsk bokmål). Henta 28. januar 2022.
- ↑ «Lisser» (på norsk bokmål). Henta 28. januar 2022.
- ↑ «Fabrikkbygget til Trengereid Fabrikker på Solheim i 1911.» (på norsk bokmål). Henta 28. januar 2022.
- ↑ «Snor» (på norsk bokmål). Henta 28. januar 2022.
Kjelder endre
- Bedriftsarkiv. BBA-2937/8 Trengereid Fabrikker/Cebelle-Trengereid, Bergen Byarkiv.
- Gjenstandar og trykksaker frå bedrifta, Tekstilindustrimuseet.
- Denne artikkelen bygger på «Trengereid Fabrikker» frå Wikipedia på bokmål, den 28. januar 2022.