Trengereid kapell

Trengereid kapell tidlegare Trengereid bedehuskapell er eit kapell frå 1963 på Trengereid i Bergen kommune, Hordaland fylke. Den er annekskyrkje i Arna sokn, Åsane prosti i Bjørgvin bispedømme.[2]

Trengereid kapell
kyrkje
Foto: Svein Harkestad
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin bispedømme
Prosti Åsane prosti
Sokn Arna sokn
Fellesråd Bergen kyrkjelege fellesråd
Stad Trengereid
Material Betong kledd med eternit
Innvigd 1963
Stopul Attmed kyrkja
Klokker Frå Olsen Nauen Klokkestøperi[1]
Preikestol I furu
Døypefont I furu
Altartavle Bordaltar, kross på veggen
Orgel Harmonium frå Vestres orgelfabrikk
Sitjeplassar 150[2]
Kart
Trengereid kapell
60°25′39″N 5°37′42″E / 60.42742111°N 5.62830389°E / 60.42742111; 5.62830389
Wikimedia Commons: Trengereid bedehuskapell
Trengereid kapell is located in Hordaland
Plasseringa til Trengereid kapell

Kapellet vart opphavleg reist som bedehus og vigsla til kyrkjeleg bruk i 1967. Byggverket er i betong kledd med eternit. Kapellet fekk eit frittståande klokketårn i samband med vigslinga i 1967.[1]

Inventaret er enkelt og i furu. Kapellet har eit harmonium frå Vestres orgelfabrikk.

Trengereid kapell vart avvigsla ca. 2012, og er no ein del av Trengereid oppveksttun, avdeling barnehage.[treng kjelde]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Trengereid kapell frå Norges Kirker/ NIKU og KA
  2. 2,0 2,1 Trengereid kapell frå Bergen byleksikon