Trentino-Alto Adige

(Omdirigert frå Trentino-Südtirol)
Regione Autonoma Trentino-Alto Adige
Autonome Region Trentino-Südtirol
Region Autonóma Trentin-Sudtirol
Kart som viser plasseringa til Trention-Alto Adige i Italia
Hovudstad Trento
President Lorenzo Dellai
Provinsar 2
Kommunar 339
Areal 13 606 km²
 - Rangering 11. (4,5 %)
Folketal (2006 est.)
 - Totalt 985 128
 - Rangering 16. (1,7 %)
 - Tettleik 72/km²
Heimeside www.regione.trentino-a-adige.it

Trentino-Alto Adige (tysk Trentino-Südtirol; ladinsk Trentin-Südtirol, òg Trentin-Sudtirol) er ein autonom region i Nord-Italia. Han består av provinsane Trento og Bolzano (Bozen på tysk). I Bolzano talar majoriteten tysk og regionen var ein del av Austerrike-Ungarn (og føregjengaren Det austerrikske riket) frå til 1815 og fram til det vart annektert av Italia i 1919. Det offisielle namnet var Venezia Tridentina mellom 1919 og 1947 og Trentino-Alto Adige/Tiroler Etschland mellom 1947 og 1972. Alto Adige er ein del av Tyrol-området, og namnet er Sør-Tyrol på mange språk.

Geografi endre

 
Provinsane i Trentino-Alto Adige.

Regionen grensar til Austerrike i nord, til Sveits i nordvest og til regionane Lombardia i vest og Veneto i sør. Det har eit areal på 13 619 km² og er særs dominert av fjell. Regionen dekkjer store delar av Dolomittane og dei sørlege Alpane. Den lågaste fjellovergangen i Alpane er Brennerpasset som ligg heilt nord i regionen ved grensa til Austerrike.

Trentino-Alto Adige er delt inn i to autonomoe provinsar:

Historie endre

Regionen vart erobra av romarane i 15 fvt. Etter Vestromarriket fall vart det delt mellom langobardar (frå sør og opp til Salorno), alemannarar (Vinschgau-Val Venosta) og bayrarar (frå Bolzano til Brenner). Etter at Kongedømet Italia vart oppretta under Karl den store inkluderte Trento grevskapa Bolzano og Venosta, medan Hertugdømet Bayern fekk dei andre områda i regionen.

Frå 1000-talet og framover vart delar av regionen styrt av fyrstbiskopane av Trento og Brixen, som dei tysk-romerske keisarane hadde gjeve vidstrekt makt til. Resten var ein del av grevskapet Tyrol, men i 1363 gav den siste herskaren Margarete Maultasch av Gorizia (von Görz) det til Huset Habsburg. Regionen vart germanisert tidleg i renessansen (1300-talet) og viktige tyske diktarar som Oswald von Wolkenstein var opphavleg frå Trentino-Alto Adige.

Dei to bispedøma vart sekularisert etter Luneville-traktaten i 1803 og gjeve til habsburgarane. To år seinare, etter austerriksk tap ved Austerlitz, vart regionen gjeve bort til Bayern, som var alliert med Napoleon (Pressburgtraktaten i 1805). Dei nye herskarane provoserte fram eit bondeopprør leia av den lokale helten Andreas Hofer i 1809, som raskt vart slått ned. Paristraktaten frå februar 1810 delte området mellom Austerrike og det napoleonske Kongedømet Italia. Etter Napoleon sitt fall i 1815 gjekk regionen tilbake til Austerrike. Då franskmenna hadde kontroll over området vart det offisielt kalla Haut Adige («Høg-Adige», tysk «Hoch Etsch») for å fjerne referansar til den historiske austerriske provinsen Tyrol.

Under den første verdskrigen vart det utkjempa store slag i Alpane og Dolomittane mellom austerrikske og italienske styrkar, sidan regionen var særs strategisk viktig. Då Austerrike kollapsa under krigen kunne italienske troppar okkupere området i 1918 og i avtalane etter krigen vart regionen annektert.

Under styret til Benito Mussolini, fascistdiktatoren av Italia frå 1922 til 1943 vart Alto-Adige utsett for omfattande italianisering. Alle referansar til Tyrol vart forbode og regionen vart kalla Venezia Tridentina, i eit forsøk på å rettferdiggjere dei italienske krava til regionen ved å knyte det til Republikken Venezia (men republikken styrte aldri over Trentino). Hitler og Mussolini gjorde avtale i 1938 om at den tysktalande folkesetnaden skulle flyttast til tyskstyrte område eller verte spreidd rundt i Italia, men den andre verdskrigen hindra dei for å fullføre dette. Likevel vart tusenvis av folk flytta til tyske område og mange hadde vanskeleg med å klare å flytte tilbake igjen til heimlandet etter krigen.

I 1943 då Italia signerte ein våpenkvile med dei allierte vart regionen okkupert av Tyskland. Regionen vart de facto annektert av Tyskland (i tillegg til provinsen Belluno) fram til slutten av krigen. Okkupasjonen enda i lag med krigen i 1945.

Italia og Austerrike forhandla fram ein avtale i 1946, sett ut i livet i 1947 i samband med at den italienske grunnlova vart kunngjort, om at regionen skulle ha vesentleg sjølvstyre. Tysk og italiensk skulle begge vere offisielle språk, og det skulle vere lov med tyskspråklege skular. Gjennomføringa av avtalen var ikkje tilfredsstillande for verken dei tysktalande i området eller den austerrikske regjeringa, og saka skapte mykje gnissingar mellom dei to landa og vart tatt opp i Dei sameinte nasjonane i 1960. Nye forhandlingar fann stad i 1961, men partane vart ikkje einige, delvis på grunn av terroristaksjonar av tysktalande separatistar.

Saka vart først løyst i 1971 då ein ny avtale vart signert og ratifisert. Han sa mellom anna at tvistar i provinsen Bolzano skulle avgjerast i Den internasjonale domstolen i Haag, at provinsen skulle få større sjølvstyre frå Italia og at Austerrike ikkje skulle blande seg inn i Bolzano sine interne saker. Denne nye avtalen viste seg å fungere og terrorhandlingane forsvann. Etter at Austerrike vart medlem av EU i 1995 har òg samarbeidet på tvers av grensene betra seg.

Økonomi endre

I dei frodige dalane i Trentino-Alto Adige vert det produsert vin, frukt, mjølkeprodukt og tømmer og av industri i området finn ein papir, kjemikaliar og metallproduksjon. Regionen er òg ein storeksportør av vasskraft. Turisme er ei viktig inntektskjelde og regionen er kjend for skisentera sine, særleg i Val Gardena-området.

Demografi endre

Trentino-Alto Adige har om lag 985 000 (487 000 i Bolzano og 503 000 i Trento). Om lag 60 % av folkesetnaden taler italiensk, medan litt under 35 % talar tysk. Ein minoritet på om lag 5 % talar ladinsk. I Bolzano talar derimot 69 % tysk, medan tyskspråklege er ein minoritet i Trento.

Byar i Trentino-Alto Adige med 50 000 innbyggjarar eller meir:

Kommune Innbyggjarar (2006 est.)
Trento 111 044
Bolzano 98 657

Bakgrunnsstoff endre

Kjelde endre


 
Regionar i Italia
Abruzzo  | Basilicata  | Calabria  | Campania  | Emilia-Romagna  | Friuli-Venezia Giulia  | Lazio  | Liguria  | Lombardia  | Marche  | Molise  | Piemonte  | Puglia  | Sardinia  | Sicilia  | Toscana  | Trentino-Alto Adige  | Umbria  | Valle d'Aosta  | Veneto

46°27′29″N 11°16′52″E / 46.45806°N 11.28111°E / 46.45806; 11.28111 Coordinates: Extra unexpected parameters