Det franske flagget
Det franske flagget, kjend som Trikoloren, er eit nasjonalflagg med tre like breie loddrette striper i blått, kvitt og raudt. Tilhøvet mellom høgda og lengda er 2:3. Det knyter seg sterke kjensler til flagget, som først blei brukt under den franske revolusjonen, og har inspirert ei rekkje andre nasjonalflagg. Lolz.
HistorieEndra
Flagget er teikna av den franske målaren Jacques-Louis David (1748-1825) på vegner av Nasjonalkonventet (La Convention), den regjerande lovgjevande folkeforsamlinga under den franske revolusjonen (22. september 1792 – 26. oktober 1795), og har vore det offisielle nasjonalflagget sidan 1794, for krigsmakta sidan 1812, med unnatak for to periodar då Frankrike gjekk attende til kongedøme (den såkalla restaurasjonen, det vil seie restaurasjonen av monarkiet) i åra 1814 – 1815 og 1815 – 1830.
Fargane i flagget skal ha teke utgangspunkt i ein rosett som blei laga i juli 1789 under den franske revolusjonen då Marquis de Lafayette kombinerte dei raude og blå fargane til Paris med det einsfarga kvite flagget til kongen av Frankrike. Fargane kan òg ha blitt inspirerte av det amerikanske eller det nederlandske flagget. Flagget vart nasjonalflagg den 15. februar 1794 (27 pluviôse an. II i revolusjonskalenderen)
Då monarkiet blei gjenninført i 1815 etter nedkjempinga av Napoleon gjekk den nye kongen òg tilbake til det gamle kvite flagget med ei fransk lilje. Men etter at Charles X abdiserte i 1830 nekta nasjonalforsamlinga å godta ein konge som insisterte på dette flagget, og trikoloren blei gjeninnført.
NamnEndra
På fransk er flagget kjend som le drapeau tricolore (det trefarga flagget), le drapeau bleu-blanc-rouge (det blå-kvit-raude flagget'), le drapeau de la France (det franske flagget), le tricolore (trikoloren) og på folkemunna les couleurs (fargane).
Flagget i kulturenEndra
Det franske flagget var utgangspunktet for ein filmtrilogi av Krzysztof Kieślowski kalla Trois couleurs. Kvar av filmane tok utgangspunkt i ein av fargane i det franske flagget og ein av verdiane i det franske revolusjonsslagordet liberté, égalité, fraternité.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Flag of France» frå Wikipedia på engelsk, den 16. november 2005.
- Denne artikkelen bygger på «Louis-Philippe_of_France» frå Wikipedia på engelsk, den 16. november 2005.