Elsa Katrine Solberg Hattestad (fødd 18. april 1966 i Lørenskog) er ein norsk tidlegare friiidrettsutøvar kjend som Trine Hattestad. Ho vann to VM-gull i spydkast og vart olympiameister i 2000. Ho var medlem av klubben Ski IL fram til 1985, frå 1986 medlem av Minerva. Ho spela handball på 2. nivå for Oppegård IL. Ho bur i Oppegård i Akershus.

Trine Hattestad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. april 1966 (57 år)
Lørenskog
Idrett friidrett, handball
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984

Utmerkingar

Aftenpostens Gullmedalje, Bislett-medaljen, Fearnleys olympiske ærespris, Porsgrunds Porselænsfabriks Ærespris, Sportsjournalistenes statuett, Pillarguriprisen

Sesongane 1981-90 endre

15 år gammal tok Hattestad sølv i spydkast i noregsmeisterskapen, bak den dåverande noregseinaren Hilde Bratvold. Same resultat vart det året etter, men i 1983 var rollene bytt om. Trine Solberg vann då sitt første av tretten norske meisterskap med eit kast på 61,18 m. Under dei olympiske sommarleikane i 1984 kom ho på ein fin 5. plass. Dei påfylgjande sesongane kom og gjekk utan særleg framgang. Ho framstod som ein hellar tevlingssvak utøvar, presterte ikkje toppresultat i store og tette tevlingar.

I august 1989 testa ho positivt på ei A-prøve i ein dopingstest. Etter ei negativ B-prøve vart prøva avvist i januar 1990.

Sesongane 1991-2000 endre

Den store framgangen kom i 1991-sesongen, då Trine Hattestad for aller fyrste gong slengde spydet forbi 70-metersbandet. Men i dei store meisterskapa lykkast ho ikkje, korkje i 1991 eller 1992. Fyrst ved verdsmeisterskapen i 1993 vart det fullklaff. Ho kasta då 69,18 m og vann gullet. Året etter vart ho europameister. Ho forsvarte VM-tittelen ved meisterskapen i Athen 1997. I hennar siste sesong, 2000, var ho klar favoritt ved dei olympiske leikane i Sydney. Ho opna i finalen med eit kjempekast på 68,78 m. Ingen andre kastarar klarte å overgå denne prestasjonen. Fem døgn etter ho hadde sikra seg OL-gullet, deltok ho i si siste tevling. I Grand-Prix-finalen i Doha vart Hattestad nummer to i spydtevlinga med eit kast på 65,86 m. Hattestad vann medaljar ved alle store internasjonale meisterskap, unnateike eitt, i perioden 1993-2000.

I etterkant av sommar-OL i 2000 vart Trine Hattestad tildelt både Fearnleys olympiske ærespris og Aftenpostens Gullmedalje.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Medaljar i norske meisterskap endre

  • Gull: 1983-86, 1988-89, 1991-94, 1996, 1998-2000
  • Sølv: 1981-82

Hennar beste kast i noko noregsmeisterskap kom i 1991. Ho kasta då 71,44 m og vann med over 20 meters margin.

28. juni 2000 sette Hattestad ny verdsrekord i Bergen med eit kast på 69,48 m.

Kjelder endre