Plystresnipe

fugleart
(Omdirigert frå Tringa melanoleuca)
Plystresnipe
Plystresnipe Foto: Michael L. Baird
Plystresnipe
Foto: Michael L. Baird
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigGeografisk utbreiing ██ Berre hekking██ Trekk██ Overvintring
Geografisk utbreiing ██ Berre hekking██ Trekk██ Overvintring
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Tringa
Art: Plystresnipe T. melanoleuca
Vitskapleg namn
Tringa melanoleuca

Plystresnipe (Tringa melanoleuca) er ein vadefugl i snipefamilien som hekkar i Nord-Amerika og overvintrar i den sørlege delen av Nord-Amerika, i Sentral-Amerika, Karibia og det meste av Sør-Amerika. Plystresnipa er den største av Tringa-snipene etter willetsnipa som er meir robust bygd.

Skildring endre

Dette er ei stor snipe i denne slekta, ho varierer i lengd frå 29 til 33 centimeter og i vekt mellom 111 og 235 gram. Vaksne individ har lange, gule bein og eit langt, tynnt, mørk nebb, lengre enn hovudet. Nebbet er rett eller nesten umerkeleg oppbøygd. Kroppen er gråbrun på oversida og kvit på undersida. Overgumpen er kvit. I hekkedrakta er halsen og brystet og kroppssidene smykka med kraftige, gråsvarte flekker, utanom hekkesesongen er flekkene meir utvaska og mindre synlege på undersida og flankane. Vinterdrakta har òg lysare, brun overside. Arten har eit repertoar av læte, ein vanleg song er skildra som kontinuerlige, rullande, melodiøse tonar 'tu-vii', 'tu-vii'.[1]

Det vidtrekkande utbreiingsområdet inkluderer sørlege Alaska og eit belte frå Britisk Columbia og tvers over provinsane i Canada, sørom Hudsonbukta, til Newfoundland og Labrador. Hekkehabitata er på myrar med kratt og spreidde småvaksne tre, generelt ganske flatt. Her vel dei reirplassen på bakken, vanlegvis godt gøymt ved eller under eit tre, i nærleiken av vatn. Dei fire (3-5) egga blir ruga i ca. 23 dagar og ungane kan ta til med å flyge etter 25 dagar.

Overvintringsområdet er særs vidtrekkande og inkluderer både atlanterhavskysten og stillehavskysten av USA, kystane av Mexicogolfen, Florida, Sentral-Amerika, Karibia og gjennom Sør-Amerika til Tierra del Fuego. Dei er svært sjeldne streiffuglar til Vest-Europa. Plystresnipene beitar på grunt vatn, om vinteren er habitata mykje varierte og kan inkludere tørrare område med bekkar og små dammar. Dietten er basert på smådyr som krepsdyr, småfisk, børstemark, vasslevande insekt, grashopper, maur og fluger og anna. I Alaska er det observert sniglar og trepigga stingsild i dietten.

Storleiken på populasjonen er usikker, men har vore estimert til 137 000 individ og er trudd å vere stabil.[1]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 Van Gils, J., Wiersma, P. & Kirwan, G.M. (2016). Greater Yellowlegs (Tringa melanoleuca) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 16. juli 2016

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Plystresnipe