Skogsnipe

fugleart
(Omdirigert frå Tringa ochropus)
Skogsnipe
Skogsnipe Foto: Marek Szczepanek
Skogsnipe
Foto: Marek Szczepanek
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Skogsnipe
Utbreiinga av Skogsnipe
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Tringa
Art: Skogsnipe T. ochropus
Vitskapleg namn
Tringa ochropus

Skogsnipe (Tringa ochropus) er ein liten vadefugl som høyrer til familien sniper.

Utsjånad og læte endre

Skogsnipa liknar grønstilken men er litt større. Fuglen er om lag 23 cm lang og har eit vengespenn på kring 57 cm. Han er mørkegrøn på ryggen, gråaktig på hovudet og brystet og kvit på undersida elles. Ryggen har kvite flekkar i ulike strek, mest hos vaksne i hekketida, mindre om vinteren og hos ungfuglar. Beina og den korte nebben er mørkegrøne.

I flukta er fuglen karakteristisk med sine mørke venger og lysande kvite overgump. Dette, saman med den kjappe flukta, gir ein viss likskap med taksvala. Skogsnipa gir frå seg eit karakteristisk trestava vislande læte i flukta.

Skogsnipa er ein sky fugl som held seg mest for seg sjølv. Hannen har eit fluktspel om våren, og kan varsle og vere nærgåande når ein kjem nær ungane etter klekking.

Hannen har to songtyper. Den eine vert framført frå marka eller ein kvist, den andre inngår i fluktspelet. Denne songtypa kan skrivast «titti-lu-i-titti-lu-i…». Fluktspelet er typisk for Tringa-artar. Når fuglen vert skremd opp kan ein høyre eit «tlo-it tlo-it tlo-it». Varsellydane er skarpe og høge «pikk-pikk-pikk» som kan minne om flaggspetta.

Utbreiing endre

Skogsnipa hekkar i nordlege delar av Europa og Asia. Heile bestanden er trekkfuglar og overvintrar i lengre sør i Europa og Asia, samt i tropisk Afrika.

Førekomst i Noreg endre

Skogsnipa har ei austleg utbreiing her i landet, og er vanlegast på Aust- og Sørlandet, litt mindre vanleg i Trøndelag, og spreidd eit stykke nordover i Nordland. På Vestlandet hekkar fuglen fåtalig. Nord for polarsirkelen er skogsnipa sjeldan, men fuglen hekkar truleg regelmessig i Øvre Pasvik. Den norske hekkebestanden utgjer kring 13 tusen par.

Arten er ein utprega barskogsfugl, og trivst best i fuktig gran- og furuskog nær småvatn, stilleflytande elvar og myr, og set krav til at der finst mudderbankar i vatnet. Mot fjellet finst skogsnipa opp til barskoggrensa.

Hekking endre

 
Skogsnipe-egg

Skogsnipa bygg ikkje sjølv reir, men nyttar gamle eller nye reir av trehekkande artar, som t.d. måltrast. Dette er utypisk for vadefuglar, men grønstilken kan også hekke i gamle reir i tre. Hoa legg 4 egg i mai-juni. Desse vert ruga av begge foreldra i 20-23 døgn. Ungane dreg frå reiret straks dei er turre, og hoppar ned på marka frå reir som gjerne kan vere høgt oppe i tre. Etter få dagar er hannen aleine om ungepasset, som varer til ungane er 28 dagar gamle og er flygedyktige.

Føde endre

Fuglen et først og fremst insekt og larvene deira, som vert plukka opp frå leira ved vasskanten.

Trekktilhøve endre

Norske skogsniper overvintrar i Afrika, men også i Middelhavsområdet og sparsamt i Vest-Europa. Hit til landet kjem dei i april, og frå juni og utover reiser dei sørover, hoene først. Trekktoppen i Danmark er i månadsskiftet juli-august. På trekket opptrer skogsnipene ved ferskvatn og er som oftast aleine. Dei er gjerne å sjå i grøftekantar og småpyttar og liknande.

Kjelder endre

Fotnotar

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Skogsnipe