Trollstigen i 2015.
Trollstigen i 2012.

Trollstigen (også kalla Trollstigvegen eller berre Stigen) er ein del av fylkesveg 63 (tidlegare riksveg 63) i Rauma kommune i Romsdalen i Møre og Romsdal. Vegen med elleve hårnålssvingar i ei bratt fjellside utgjer ein stor del av fjellovergangen til Sylte i Norddal kommune. Trollstigen går frå Knutsetra i Isterdalen til Stigrøra (700 moh.), medan sjølve fjellovergangen fortset over Alnesreset (høgaste punkt 850 moh.) over Slettvikane til setra Øvstestølen i Valldalen. Trollstigen inngår i den 106 km lange nasjonale turistvegen frå Langvatn på Strynefjellet til Sogge bru i Romsdalen.[1] Trollstigen er ein av dei mest besøkte turistattraksjonane i Noreg.[2]

Vegen er vinterstengt mellom garden Langdal i Valldalen og Isterdalen, normalt frå seint i oktober til siste del av mai.[3] Vegen har ei stigning på opp mot 10 %. I høgsesongen passerer på det meste 3000 køyretøy på ein dag, medan gjennomsnittet for juli 2012 var 1860 køyretøy dagleg. I juni, juli og august 2012 passerte til saman 130 000 køyretøy.[4][5][6]

Området er verna som del av Trollstigen landskapsvernområde.[7] Vernet omfattar fjellområde i både Rauma og Norddal kommunar. Ved Trollstigen er høgfjellet vest for fylkesveg 63 (kring Finnan, Bispen, Kongen og Dronninga) del av landskapsvernet. I tillegg er høgfjellet aust for fylkesveg 63 (Trolltindane, Stigbotnhorn, Alnesdalen og Langfjelldalen) del av Reinheimen nasjonalpark.

Innhaldsliste

HistorieEndra

 
Alnesreset - høgaste punktet på fjellovergangen og kommunegrense.

Den noverande vegen blei opna av kong Haakon VII den 31. juli 1936[8] etter ein åtte års anleggsperiode, og går i sikksakk frå Isterdalen opp til Stigrøra. På grunn av steinras og skader på køyrebanen, vart tredje og fjerde sving (nedanfrå) lagt om i 2005. Samtidig vart det bygd to nye bruer. På Alnesreset stod tidlegare vertshuset Trollstigheimen, etter snøskred vart dette rive og eit nytt serveringstilbod på Stigrøra vart etablert i 1979.[8]

Trollstigen, eller «Stigen» som den vart kalla før 1936, er ein gamal fjellovergang mellom Valldal på indre Sunnmøre og Veblungsnes ved Romsdalsfjorden. Frå 1533 var det ein stor årleg marknad på garden Devoll. Denne Romsdalsmarknaden var ein viktig grunn til at valldalingane ivra for eit samband over «Stega-fjellet».[9] I eldre tider gjekk her ein gangveg som berre såvidt var farande med hest. Ifølgje Hans Strøm kring 1766 var vegen over Stegafjell og gjennom «Isdal» eit alternativ til vegen om Innfjorden der ein til slutt måtte i båt. Den tredje fjellovergangen gjekk til Brøste i Lesja og blei nytta ved reise til bergverka på Lesja og Røros, der bøndene selde smør og ost.[10]

 
Overtakingsbrev signert Haakon 7.

I åra 1905-1913 vart det bygd ein rideveg (berre kløvsti i det brattaste partiet) over fjellet.[11] Allereie i 1916 var det oppstart på bygginga av den noverande køyrevegen. Store delar av den opphavlege «Kløvstigen» mellom Slettvikane i Valldal og Knutsetra i Isterdalen er godt synleg og farbar. Medan køyrevegen kryssar Stigfossen med bru frå 1935, kryssar Kløvstien Istra nede i dalbotnen.[12]

Stortinget 26. juni 1916 gav første løyvinga til vegen omfatta det arbeid på den 41 km lange strekninga frå Holsbrua i Valldal til Soggebrua i Romsdalen.[13] Raumabanen med endestasjon på Åndalsnes vart bygd samstundes og Statsbanen gav tilskott til bygging av køyrevegen. På Setnesmoen ved Åndalsnes var det ekserserplass slik at militære omsyn også vart vektlagt. Køyrevegen var i 1936 3 til 4 meter brei, men vart seinare utvida til mellom 4 og 6 meter med noko breiare møteplassar. Køyrevegen kryssar Stigfossbrua frå 1935. Våren 2012 vart dei sju trongaste svingane utvida og forbetra slik at lange bussar ikkje set seg fast.[14] Maksimal lengde for bussar er etter denne utvidinga 13,1 meter.[15]

På Slettvikane i Valldal er det sett opp ein stein til «Minne om valldølene Ole M. Alstad og Lars M. Omenås. Dei fyrste som i 1776 gjorde opptaket til vegsamband Valldal - Romsdal». Like ved er ein stein med innskrifta «Kong Håkon bilte denne veg 1936».[16]

Nasjonal turistvegEndra

 
Trollstigen besøkssenter

Med 535 250 besøkande (2005) er Trollstigen den nest best besøkte naturbaserte turistattraksjonen i Noreg, etter Vøringsfossen, og den tredje best besøkte totalt.[17]

Vegstrekninga Geiranger–Trollstigen blei sommarane 2005-2008 opprusta til å ta imot ei stor mengd turistar. Vegen er ein av 18 utvalde vegstrekningar i Turistvegprosjektet til Statens vegvesen som har fått status som Nasjonal turistveg.[1] Prosjektet har «Trygt og vakkert» som motto, og alle stoppestader og rasteplassar skal harmonera med naturen og landskapet. Utsiktspunktet «Trollstigfoten» nedst i Trollstigen er utvida. På Stigrøra er det bygd eit nytt turistsenter med kafé og souvenirutsal. Dei tradisjonelle små hyttene som dreiv souvenirsal blei rivne då det nye senteret opna sommaren 2012. Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa stod for opninga av Nasjonal turistveg Geiranger-Trollstigen 16. juni 2012.[18] «Dette er eit monument som blir ståande som historisk inn i framtida», sa Kleppa om det nye besøkssenteret på Stigrøra.[19] I 2012 fekk det nye anlegget på Stigrøra pris av Norsk Betongforening og Norske arkitekters landsforbund for «betong brukt på framifrå vis miljømessig, estetisk og teknisk».[20]

Tidlegare var Trollstigen del av reiselivsproduktet The Golden Route.

GeografiEndra

 
Stigrøra med kioskar og hytter i 2004. I bakgrunnen fjellformasjonen Trollklørne.

Vegen er omkransa av fleire fjell på godt over 1 000 meter. Blant dei er Stigbotnhornet og Bispen, og mot nord Dronninga og Kongen. Litt lenger mot nordaust er dei kjente Trolltindan med Trollklørne og vestsida av Trollveggen.

Det går merka sti til toppen av Trollveggen (Bruraskaret) som byrjer på Stigrøra. På Stigrøra er det oppført eit turistsenter med kafé og souvenirutsal som opna i 2012.

OpningstidspunktEndra

  • 1988 – 16. mai
  • 1989 – 26. mai
  • 1990 – 12. mai
  • 1991 – 08. mai
  • 1992 – 27. mai
  • 1993 – 28. mai
  • 1994 – 20. mai
  • 1995 – 28. mai
  • 1996 – 24. mai
  • 1997 – 06. juni
  • 1998 – 15. mai
  • 1999 – 14. mai
  • 2000 – 26. mai
  • 2001 – 21. mai
  • 2002 – 23. mai
  • 2003 – 28. mai
  • 2004 – 29. mai
  • 2005 – 01. juni
  • 2006 – 23. mai
  • 2007 – 23. mai
  • 2008 – 27. mai
  • 2009 – 20. mai
  • 2010 – 28. mai
  • 2011 – 13. mai
  • 2012 – 01. juni[21]
  • 2013 - 22. mai[22]
  • 2014 - 08. mai[23]
  • 2015 - 13. mai[24]
  • 2016 - 25. mai[25]
  • 2017 - 24. mai[26]

StengingEndra

  • 2005 – 15. november (seinaste stenging etter 1992)
  • 2006
  • 2007
  • 2008 – 04. november
  • 2010 – 04. november
  • 2011 – 24. november
  • 2012 - 05. november[27]
  • 2013 - 13. november[28]
  • 2014 - midlertidig stengt 23. november[29], stengt igjen 1. desember[30], vinterstengt frå 8. desember.[31]
  • 2015 - 24. november stengt for vinteren[32]
  • 2016 - 3. november stengt inntil vidare på grunn av snø[33]

GalleriEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Geiranger - Trollstigen - Nasjonale turistveger, http://www.nasjonaleturistveger.no/no/geiranger-trollstigen 
  2. http://www.dagsavisen.no/innenriks/article267375.ece besøkt 29. desember 2011
  3. http://www.vegvesen.no/Trafikkinformasjon/Vinterkjoring/Vegen/Vinterstenging
  4. Sunnmørsposten 24.september 2012.
  5. Romsdals Budstikke 24.september 2012, lese på nett 4. oktober 2012.
  6. NRK nyheter på nett http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/more_og_romsdal/1.8255020
  7. Forskrift om verneplan for Reinheimen, vedlegg 4. Vern av Trollstigen landskapsvernområde, http://www.lovdata.no/for/lf/mv/mv-20061124-1305.html 
  8. 8,0 8,1 http://www.vegvesen.no/Vegprosjekter/geiranger/OpningTrollstigen/Historia
  9. Statens vegvesen, Møre og Romsdal (2001): Vegminner i Møre og Romsdal fylke.
  10. Strøm, Hans (1756): Annotations Boog over de Merkværdigheder som udi Syndmørs Fogderie forefindes. Utgitt 1997 ved Ragnar Standal, Kari Aalberg og Terje Aarset.
  11. Rekdal, Bjarne (1986): Vegen Valldalen - Romsdalen. Tidsskrift for Sunnmøre Historielag, 1986, s. 122-137.
  12. Kløvstien, Molde: Turbokforlaget, http://turbok.no/Norge/, henta 21. september 2012 
  13. Statens vegvesen, Møre og Romsdal (2001): Vegminner i Møre og Romsdal fylke.
  14. Åndalsnes Avis 27. april 2012 http://www.andalsnes-avis.no/nyheter/article455225.ece
  15. Nationen 30. april 2012 s.9
  16. Statens vegvesen, Møre og Romsdal (2001): Vegminner i Møre og Romsdal fylke. Molde.
  17. i Noreg «Norge/turisme» (13. oktober 2015) i Store norske leksikon, snl.no.
  18. Romsdals Budstikke: Åpnet 18 turistveier på Trollstigplatået, 16. juni 2012, lest 16.juni 2012.
  19. NRK Nyheter: -Eit monument som blir ståande, 16.6.2012, lest 29.11.2014.
  20. Arkitektnytt http://www.arkitektnytt.no/betongtavlen-2012-til-trollstigplataet (lest på nett 25.10.2012).
  21. Utsette opninga av Trollstigen, smp.no
  22. Romsdals Budstikke på nett lese 24.mai 2013.
  23. Rekordtidleg opning, Åndalsnes Avis, 6. mai 2014.
  24. Troll­sti­gen åpner for sesongen, abcnyheter.no, 13. mai 2015
  25. Spektakulær vei åpnes igjen onsdag. www.tk.no (2016-05-25).
  26. Nå kan sommeren endelig komme til Trollstigen, NRK.no
  27. Adresseavisen, 10. november 2012.
  28. «Stengt for i år», Åndalsnes Avis, 14. november 2013, http://www.andalsnes-avis.no/nyheter/article8625471.ece 
  29. Trollstigen stenger klokken 16.00 i dag, Åndalsnes Avis
  30. Trafikkmeldinger, Statens Vegvesen, lest 3. desember 2014.
  31. http://www.vegvesen.no/ Trafikkmeldinger, lest 13.12.2014.
  32. «Nå er det vinterstengt», Åndalsnes avis: 3, 28. november 2015 
  33. Vinteren stengte Trollstigen, rbnett.no

BakgrunnsstoffEndra