Trompe-l'œil

(Omdirigert frå Trompe l'oeil)

Trompe-l'œil eller trompe l'oeil, (fransk for «å narre auget») er ei internasjonalt nytta kunstfagleg nemning for dekorative bilete eller -målingar som er utforma og plasserte slik i bygningar at dei skal få folk til å tru at dei i staden for eit flatt målarstykke ser verkelege tredimensjonale gjenstandar, arkitekturdetaljar, personar og andre ting gjennom opningar inn til andre rom, til området utanfor huset osb.

Trompe-l'œil måla av Andrea Mantegna.

Skal målestykka ha så sterkt illusjonsskapande verknader, er det mellom anna viktig å få fram på eit realistisk vis kontrasten mellom det som er nærmast og det som er lenger burte. Slike målarstykke kunne fyrst kome i stand etter at det i renessansen var utvikla særs stor dugleik i å nytte dei verkemidla som nye kunnskapar om å skape perspektiv i bileta gav høve til. Nemninga trompe-l'œil er såleis framfor alt knytt til fenomen i europeisk målarkunst frå renessansen og framover. Men truleg har òg målarane i antikkens Hellas lagt vinn på å gje tilskodarane ei kjensle av realisme ved å nytte metodar som gav inntrykk av perspektiv i bileta. Sjølv om det no ikkje finst målarstykke frå Hellas frå denne tida (om ein ikkje reknar med dei måleria som dekorerer vasar og urner i hopetal), kan intensjonar i den lei sporast på bakgrunn av teknikken i dei veggmåleria i gresk tradisjon som ein framleis kan sjå i byane Pompeii og Herculaneum i Italia etter at dei er grove fram or all oska som utbrotet frå vulkanen Vesuv i år 79 e.Kr. gøymde dei under.

Trompe-l'œil er ofte små målarstykke meint som spøk og demonstrasjon av fagleg dugleik, men kan òg vere store tak- eller veggmåleri med ein alvorleg bodskap. Til dømes finst det i kyrkjer takmåleri som gjev inntrykk av at ein ser rakt opp i sjølvaste himmelen og på dei som har tilhald der, framstilt slik at det ser ut til at dei sit, står eller svever med beina i retning av jorda. På den måten vert kyrkjebygningen og det som går føre seg der, kopla saman på overtydande vis ved hjelp av trompe-l'œil med det himmelske livet som ventar dei som trur det rette og skikkar seg vel.

Sjå ògEndra

Anamorfose