Trompeterfink

art av sporvefuglar
(Omdirigert frå Trompetarfink)
Trompeterfink
Trompeterfink Foto: Frank Vassen
Trompeterfink
Foto: Frank Vassen
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Trompeterfink
Utbreiinga av Trompeterfink
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Finkefamilien Fringillidae
Underfamilie: Carduelinae
Slekt: Bucanetes
Art: Trompeterfink B. githagineus
Vitskapleg namn
Bucanetes githagineus

Trompeterfink (Bucanetes githagineus) er ein fugl i finkefamilien som lever i ørkenar og halvørkenar sør for Middelhavet og i Midt-Austen. Arten har delvis og fragmentert utbreiing frå Kanariøyene til nordlege Pakistan. I Europa har arten i fleire tiår vore representert med ein liten hekkebestand i Sør-Spania, og aust i Middelhavet synst arten til å spreie seg nordover.

Trompeterfinken er prega av eit særeige læte, ein nasal trompetlyd, som har gjeve trivialnamn til arten.

Skildring endre

 
Trompeterfink, vinterdrakt, Marokko
Foto: Francesco Veronesi

Trompeterfink har storleik og farger som ein tornirisk, 12,5–15 centimeter i lengd og vekt på 16–25 gram. Med omsyn på kroppsproporsjonar, stort hovud og kraftig hals, liknar han snarare den litt større grønfinken.

Hannar har ei fargerik fjørdrakt i hekketida, basisen er gråleg med svakt rosa skjer, oversida er varmt brun. Nedste del av panna, overgumpen, strupe og bryst, dekkfjørkantane og halefjørkantane får kraftigare rosafarge, nebbet blir klårt oransje til raudt og beina kan få rosaskjer. Hovudet utanom panna er grått. Generelt er nebbet kort og tjukt som hos dompap, og mykje avrunda i både øvre og nedre side. Handsvingfjørene er generelt mørke, halen har mørkt endeband med diffust skilje mot lyst øvste område. Hofuglar og hannar utanom hekketid har bleikt gulbrunt nebb som kan ha rosa tone, fjørdrakta er elles meir avdempa i fargene.

Lætet kan variere, mellom anna har han ein langt nasal skurrande og mekanisk tone, men òg korte nasale støyt.

Trompeterfinkar er dagaktive og søkjer føda si primært på bakken. Dei er ganske sosiale, slik at ein kan treffe fuglane utanfor hekkesesongen i flokkar på 10-20 individ på jakt etter mat. Dei er frøetarar, men et òg skot og grasknoppar, litt insekt og larver.

Habitatet er steina område, steinørken og halvørken i sørvestre palearktisk. Han unngår reine sandørkenområde. Dette habitatkravet resulterer i eit svært fragmentert utbreiingsområde som har store hol, spesielt i den libyske ørkenen. Utbreiingsområdet strekkjer seg frå dei austlege Kanariøyane i vest, austover til Indus i Nord-Pakistan. I Afrika så langt sør som inn i nordlegaste delar av Mauritania, Niger, Mali, Tsjad og Sudan. I nord strekkjer utbreiinga seg til den nordafrikanske kysten og fjella austom Gibraltar i det sørlege Spania. Elles i Tyrkia, Aserbajdsjan og Armenia. Den austlegaste populasjonen lever i Midt-Austen, på Den arabiske halvøya, i Iran, Turkmenistan, Usbekistan, Afghanistan og nordvestlege Pakistan. Dei har overvintringsområde lengst sør på Den arabiske halvøya, i sørlege Pakistan og nordvestre India.[1]

Trompeterfinkar har ein tendens til å gjere uregelmessige og spontane spreiingar. Vedvarande tørke eller kaldt vêr i høgtliggande område kan medføre flytting av heile populasjonar eller nomadiske streif. Dei er svært sjeldne streiffuglar i Nord- og Vest-Europa, i ein periode i august og september 2013 vart eit individ observert i Fredrikstad.[2]

Storleiken på den globale bestanden er ikkje estimert, den europeiske er trudd å ligge mellom 21 000-43 000 individ og minkande. IUCN har klassifisert arten som livskraftig, LC.[3]

Kjelder endre

Referansar
  1. Clement, P. (2016). Trumpeter Finch (Bucanetes githagineus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 10. desember 2016
  2. Funninformasjon hos Artsobservasjonar Henta 10. desember 2016
  3. BirdLife International (2016) Species factsheet: Bucanetes githagineus. Henta frå http://www.birdlife.org den 10. desember 2016

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Trompeterfink