Trond Giske

norsk politikar

Trond Giske (fødd 7. november 1966 i Trondheim) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han har representert Sør-TrøndelagStortinget sidan 1997, og har vore kyrkje-, utdannings- og forskingsminister 2000–2001, kultur- og kyrkjeminister 2005–2009 og nærings- og handelsminister 2009–2013. Frå 2013 til 2017 var han leiar av Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, og frå 2017 til januar 2018 første nestleiar i Finanskomiteen. Han har sidan april 2018 vore mediepolitisk talsmann i Arbeidarpartiet.[1]

Trond Giske
Trond Giske narings- och handelsminister Norge.jpg
Trond Giske i 2010.
Fødd7. november 1966 (56 år)
Trondheim i Trøndelag
Statsborgar avFlag of Norway.svg Noreg
PartiArbeidarpartiet
YrkePolitikar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Trondheim katedralskole
MorNorunn Illevold Giske
FarBjørn Giske
EktefelleHaddy Njie
VervNestleiar i Arbeidarpartiet 2015–2018
FøregangarHelga Pedersen
VervNorsk næringsminister 20. oktober 2009– 16. oktober 2013
FøregangarSylvia Brustad
EtterfylgjarMonica Mæland
VervNorsk kultur- og kyrkjeminister 17. oktober 2005– 20. oktober 2009
FøregangarValgerd Svarstad Haugland
EtterfylgjarAnniken Huitfeldt
VervNorsk kyrkje-, utdannings- og forskingsminister 17. mars 2000– 19. oktober 2001
FøregangarJon Lilletun
EtterfylgjarKristin Clemet  

Trond Giske var nestleiar i Arbeidarpartiet saman med Hadia Tajik frå 2015 fram til januar 2018. Han trekte seg frå verva sine etter å ha vorte skulda for upassande oppførsel. Han kom attende til vanleg politisk arbeid i Stortinget månaden etter.[2][3]

Utdanning og karriereEndra

Av utdanning er Trond Giske cand.mag. med sosialøkonomi, statsvitskap og juss frå Universitetet i Oslo og NTNU. Han var leiar i Trondheim AUF i 1988, og leiar i Sør-Trøndelag AUF frå 1989 til 1990. I 1996 vart han medlem av sentralstyret i AUF, og der sat han fram til 1996, frå 1992 av som leiar. Frå 1992 til 1996 var han også medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet. Det vart han igjen frå 2000, og sit endå.

Giske blei vald inn på Stortinget frå Sør-Trøndelag fylke i 1997. Frå 1999 av har han vore delegat til generalforsamlinga i FN. Han var også medlem i gruppestyret til Arbeidarpartiet frå 2001 til 2005.

Giske var medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet dei fire åra som AUF-leder og deretter frå 2000. Etter 1992 har Trond Giske i alle år vore ein sentral person i Arbeidarpartiet, og vorte rekna som ein leiande strateg på venstrefløya i partiet. Det byrja med EU-striden i 1990-åra, då Giske stod fram som ein av leiarpersonane på nei-sida i Arbeidarpartiet. Han var styremedlem i Sosialdemokratar mot EU (SME) i 1994.

Mot slutten av 2017 fekk Arbeidarpartiet varsel om upassande oppførsel frå Giske og seksuell trakassering av kvinner over mange år. Varsla fekk stor merksemd i media, og som følgje av varsla trekte Giske seg frå nestleiarvervet 7. januar 2018.

1. oktober 2021 grunnla Trond Giske Nidaros sosialdemokratiske forum som er eit partilag under Trondheim arbeidarparti. Lokallaget har vakse raskt og har vorte det største lokallaget til Arbeidarpartiet.[4]

Tilknyting til regjeringEndra

StortingskomitearEndra

BibliografiEndra

KjelderEndra

  1. «- Vi har itj råd te å mist han Trond Giske». Dagbladet. 1. mai 2018. Henta 1. mai 2018. 
  2. «Giske: – Det føles viktig å være tilbake i jobb.». Aftenposten. 13. februar 2018. Henta 1. mai 2018. 
  3. «Varsler reagerer på Giske-comeback». Dagbladet. 11. februar 2018. Henta 1. mai 2018. 
  4. Børstad, J. & Egge, J.H. (20. november 2022). «Giskes lokallag har fått nærmere 1000 medlemmer på kun ei uke». Henta 14. januar 2023. 

BakgrunnsstoffEndra