Trond Sollied

norsk fotballspelar

Trond Johan Sollied (fødd 29. april 1959) er ein norsk fotballtrenar og tidlegare -spelar frå Mo i Rana. Midtstopparen vann som spelar fem seriemeistertitlar med to ulike klubbar, Vålerenga og Rosenborg BK, i tida 1983-90, samt eitt noregsmeisterskap med Bodø/Glimt i 1993, då også som trenar. Elles som trenar leia han Rosenborg til seriegull i 1998, belgiske Club Brugge til tre meistertitlar i åra 2003-05, greske Olympiakos Pireus til dobbelsiger i 2006 og nederlandske SC Heerenveen til cuptriumf i 2009.

Trond Sollied
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. april 1959 (64 år)
Mo i Rana
Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Spelar endre

Klubbspel endre

Sollied spelte på Mo IL fram til 1981, eit lag som hevda seg mellom dei beste i norsk 2. divisjon. Dei neste tre åra var han Vålerenga-spelar. Her tok han plass i midtforsvaret på det som må seiast å ha vore det aller beste fotballaget til Vålerenga. Saman med spelarar som Pål Jacobsen og Vidar Davidsen var han med og sikra laget seriegull i 1983 og 1984, medan det var tap mot Moss FK i NM-finalen 1983.

Perioden 1985-91 spelte Sollied på Rosenborg BK, der han dei to fyrste sesongane danna landets beste midtstopparpar saman med Rune Bratseth. Allereie i sin fyrste sesong i RBK vart han norsk seriemeister for tredje gong. Både i 1988 og 1990 vann han «the double» med laget, det er siger i både serie og cup (NM).

Både i 1992 og 1993 var Sollied spelande trenar i Bodø/Glimt. I sin fyrste sesong med Bodø-klubben rykte laget opp i eliteserien, i den andre sesongen vann det Noregsmeisterskapen i fotball.

Landslagsspel endre

Sollied spelte 15 kampar i midtforsvaret til det norske landslaget i tida 1985-87. Hans einaste landslagsmål kom i privatlandskampen Noreg-Wales på Brann stadion 5. juni 1985, ein kamp som enda med norsk siger 4-2.

Merittar endre

  • Seriemeister: 1983 og 1984 med Vålerenga
  • Seriemeister: 1985, 1988 og 1990 med Rosenborg
  • Noregsmeister: 1988 og 1990 med Rosenborg
  • Noregsmeister: 1993 med Bodø/Glimt
  • Tapande cupfinalist: 1983 med Vålerenga

Trenar endre

Etter å ha vore sjefstrenar i Bodø/Glimt i fire sesongar frå 1993, vikarierte Sollied som trenar i Rosenborg i 1998-sesongen. I Nils Arne Eggen sitt friår leidde han klubben til seriegull og til cupfinale på Ullevaal stadion, der det etter ekstraomgangar enda med tap 1-3 mot Stabæk IF.

I 1999 tok han trenarjobben i belgiske AA Gent. Klubben gjorde det godt i serien, så eitt år seinare fekk han take styringa i storklubben Club Brugge. Åra 2003-05 vann klubben serien to gongar, og i det mellomliggjande året vart det siger i den nasjonale cupmeisterskapen. Han var så tilsett i greske Olympiakos i halvtanna år, og førte laget til dobbeltriumf i Hellas våren 2006. Sesongen 2007/08 leidde han AA Gent for andre gong. I den etterfylgjande sesongen leidde han SC Heerenveen til siger i den nederlandske fotballcupen.

Sidan 2010 har han utan suksess trent klubbar i Saudi-Arabia, Belgia og Tyrkia.

Merittar endre

  • Noregsmeister: 1993 for Bodø/Glimt
  • Norsk seriemeister: 1998 for Rosenborg
  • Belgisk seriemeister: 2003 og 2005 for Club Brugge
  • Belgisk cupmeister: 2004 for Club Brugge
  • Gresk seriemeister: 2006 for Olympiakos Pireus
  • Gresk cupmeister: 2006 for Olympiakos Pireus
  • Nederlandsk cupmeister: 2009 for Heereneveen

Kjelder endre