Tropering (av gresk Tropos: figur) er ein praksis som vart utvikla innanfor gregoriansk song. Ein Trope tydde eit tillegg til den liturgiske songen, anten i form av tekst eller melodi. Innanfor troperingskunsta fann songarar og komponistar i tida rom for improvisasjon og skaparevne. Tropering vart mest nytta til festhøgtidane, jul og påske.

Den mest einfelte forma for tropering var eit nydikta teksttillegg i ein melisme, der ein før ikkje hadde hatt anna ein ein vokal å syngje på. Særskild lange melismar i kyrie eller halleluja-song kunne handsamast slik. I songar utan melismar, vart nye melodiliner lagde til, slik at songen vart lengre.

Troperingar i alleluiaen vert oftast kalla sekvensar. Frå desse utvikla det seg eit heilt sett nye hymnar i høgmellomalderen.

verknad endre

Frå den utvida troperingsteknikken sprang det fram eit heilt liturgisk drama, som tok utgangspunkt i at tropane skifte i spørsmål og svar. Dette skjedde alt på 900-talet. Utover i mellomalderen voks kyrkjespelet fram av denne praksisen. Med tida reiv spelet seg heilt laus frå den faste liturgien og vart ein sjølvstendig sjanger, med ulike bibelhistoriske emne.