Tropesjukdommar er fleire sjukdommar som hovudsakleg opptrer i lag med tropisk klima. Utbreidde tropiske sjukdommar er malaria, filariasis, leishmaniasis, schistosomiasis og sovesjuke. Ulike bakteriar, virus, protozoar, sopp og ormar kan føra til infeksjon med ein tropesjukdom. Dei blir ofte spreidde gjennom vektorar som insekt (t.d. malariamygg og tsetsefluge). Det medisinske feltet som har med tropesjukdommar å gjera blir kalla tropemedisin.

Disability-adjusted life year (DALY), eller år tapte, på grunn av tropesjukdommar per 100 000 innbygggjarar.
██ no data ██ ≤100 ██ 100-200 ██ 200-300 ██ 300-400 ██ 400-500 ██ 500-600 ██ 600-700 ██ 700-800 ██ 800-900 ██ 900-1000 ██ 1000-1500 ██ ≥1500

Svært mange menneske opplever tropiske sjukdommar kvart år. Ein reknar med rundt 100 millionar nye malariatilfelle kvart år. Rundt 200 millionar har schistosomiasis og 400 millionar har ankylostomiasis.

Sjukdommar som er vanlege i tropane, men også i kjøligare område, høyrer ikkje eigentleg til tropesjukdommane. Dette gjeld til dømes pest, kolera, koppar, tyfoid, paratyfoid, dysenteri og andre tarminfeksjonar. Amøbedysenteri finst også utanfor tropane, men gjev ikkje symptom i kalde område.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre