Tropojë er ein landsby og ein kommune i regionen Kukës i Albania. Kommunen ligg langt nord i landet og grensar i vest til regionen Shkodër, i nordaust til nabolandet Kosovo og i nord til Montenegro.

Tropojë
Byvåpenet til Tropojë
Byvåpenet til Tropojë
Styresmakter
Land
Region
Albania
Kukës
Geografi
Flatevidd
 - By

1 058 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2011)

20 517
Koordinatar 42°24′0″N 20°10′0″E / 42.40000°N 20.16667°E / 42.40000; 20.16667
Høgd over havet 470 m
Tidssone CET (UTC+1)
Plassering
Tropojë kommune innafor regionen Kukës
Tropojë kommune innafor regionen Kukës
Tropojë kommune innafor regionen Kukës

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Bajram Curri vart slått saman med landkommunane Fierzë, Lekbibaj, Margegaj, Llugaj, Bujan, Bytyç og Tropojë.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Bajram Curri.

Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande landkommunen 4 117 innbyggjarar, medan dei åtte kommunane som i dag utgjer storkommunen Kukës, til saman hadde 20 517 innbyggjarar.[1]

Tidlegare administrativ inndeling endre

Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Tropojë.[3] Den dåverande landkommunen omfatta sjølve byen Korçë og busetnadene:[2]

  • Astë
  • Kojel
  • Viçidol
  • Kasaj
  • Gegaj
  • Buçaj
  • Papaj
  • Sopot
  • Babinë
  • Begaj
  • Shumice-Ahmetaj
  • Myhejan
  • Kovaç
  • Kërrnajë
  • Shkëlzen

Referansar endre