Trude er eit kvinnenamn danna som kortform av namn som endar på -trude, som Gertrude. Namnedelen kjem frå germanske *þruþi, 'styrke', þrúðr på norrønt og þryð på gammalengelsk. Nærskylde namn er engelsk Trudi, Trudie og Trudy, islandsk Þrúður, nederlandsk Truus og tysk Traudel og Trudel.

Egon Schiele sitt ekspresjonistiske portrett av Trude Engel.
Forfattaren Trude Marstein.
Foto: Åshild Telle

Trude har namnedag den 17. mars.

I norrøn mytologi heitte dottera til Tor og Siv Þrúðr, på moderne norsk Trud. Ei valkyrje med dette namnet er òg nemnd i Grimnesmål.

Bruk endre

Namnet er kjend i Noreg sidan 1920-talet. Det voks i bruk frå 1950-talet til det nådde ein topp på 1970-talet, då opptil 0,7 % av nyfødde jenter kunne få namnet Trude. Deretter gjekk bruken ned. I 2009 heitte rundt 5000 norske kvinner Trude.

Namneberarar endre

Kjelder endre