Opna hovudmenyen
Tryggingsrådet i SN

United Nations Security Council

مجلس الأمن التابع للأمم المتحدة
联合国安全理事会
Conseil de sécurité des Nations unies
Совет Безопасности Организации Объединённых Наций
Consejo de Seguridad de las Naciones Unidas
UN-Sicherheitsrat - UN Security Council - New York City - 2014 01 06.jpg
Møterommet til Tryggingsrådet i New York.
TypePrincipal Organ
Skipa1946
RådspresidentSebastiano Cardi
Nettstadhttp://un.org/en/sc

Koordinatar: 40°44′59″N 73°58′3″W Tryggingsrådet i SN (bokmål FNs sikkerhetsråd) er eitt av seks hovudorgan i Dei sameinte nasjonane (SN).[1] Det har som oppgåve å oppretthalda internasjonal fred og tryggleik[2] og godkjenna nye medlemmer av SN[3] og godkjenna endringar av SN-pakta.[4] Det har mellom anna fullmakt til å skipa fredsbevarande operasjonar, internasjonale sanksjonar og militære handlingar gjennom resolusjonar. Det er det einaste SN-organet som kan gje bindande resolusjonar til medlemsstatar. Tryggleiksrådet heldt sitt første møte 17. januar 1946.

Innhaldsliste

MedlemmarEndra

 
Barack Obama leiar eit møte i Tryggleiksrådet den 24. september 2009.
Foto: Pete Souza

Tryggingsrådet har femten medlemmar.[5] Stormaktene som var allierte i andre verdskrigen, USA (USA), Frankrike, Folkerepublikken Kina, Russland og Storbritannia er faste medlemmer av rådet og har vetorett, slik at dei kan hindra føreslåtte vedtak. I tillegg til dei fem faste medlemmene har rådet ti andre medlemmer frå ulike regionar i verda som sit i rådet i toårsperiodar. Presidentskapet går på omgang blant medlemmene.

Noreg har vore medlem av Tryggleiksrådet fire gonger, i periodane 1949–50, 1963–64, 1979–80 og 2001–02.[6] Noreg hadde sist formannsskapet i rådet i mars 2002, og arbeidet blei leia av ambassadør Ole Peter Kolby.[7]

ForløparEndra

Folkeforbundet hadde eit tilsvarande råd, som tok dei fleste avgjerdene . Dette rådet hadde fem permanente medlemmer (Storbritannia, Frankrike, Italia, Japan og Tyskland) og eit varierande tal valde medlemmer (først fire, sidan seks og ni).

VetorettenEndra

Når det gjeld reine prosedyrespørsmål, som gjeld korleis rådet skal arbeida, trengst det ni stemmers fleirtal. I alle andre saker trengst det også at ingen av dei faste medlemmeae stemmer imot. Det er dette som er kjend som vetoretten.[8] Kina, Russland, Frankrike, Storbritannia og USA må dermed anten stemma for, eller avstå frå å stemme, dersom ein resolusjon skal gå gjennom.

UtvidingEndra

Det har lenge vore diskusjonar om å utvide talet på permanente medlemmar. Landa som har markert seg med dei sterkaste krava om fast sete, Japan og Tyskland, er dei andre og tredje største netto bidragsytarane til SN. Tyskland er også den nest største bidragsytaren av troppar til SN-operasjonar etter USA.

Tidlegare generalsekretær Kofi Annan ba sine rådgjevarar om å fremja forslag til korleis SN-struktur kunne reformerast. Ei føreslått løysing er å utvide talet på faste medlemmar av rådet med fem, som inkluderer Japan, Tyskland, India, Brasil og eit afrikansk land. I september 2004 underteikna desse fire landa ei felles uttaling der dei gjensidig støtte kvarandre sine krav om fast plass. Storbritannia og Frankrike erklærte at dei støtta kravet.

Nokre land, som Italia og Nederland, har lagt fram ønske om eit felles europeisk sete.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra