Trygve Johannessen

norsk fotballspelar

Trygve Johannessen (fødd 11. januar 1953) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Askøy. Han var i perioden 1974-82 med å vinne fire seriemeisterskap og eit noregmeisterskap med Viking Fotballklubb. Johannessen spelte fem landskampar for Noreg i tida 1975-79.

Trygve Johannessen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. januar 1953 (71 år)
Noreg
Yrke fotballspelar, fotballtrenar
Trygve Johannessen på Commons

Klubbspel endre

Fram til 1973-sesongen spelte Johannessen for andredivisjonslaget Florvåg, der han gjennom fleire sesongar hadde vist seg som ein framifrå målskårar. Frå 1974 til 1980, og på ny i 1982, spelte han midtspiss i Viking, der han var delaktig i då klubben vann 1. divisjon i 1974, 1975, 1979 og 1982. I sin fyrste sesong, 1974, var han med så Viking tapte mot Skeid cupfinalen på Ullevaal stadion. Fem år seinare vart han noregsmeister då Viking vann 2-1 over Haugar. Han vart toppskårar i fyrstedivisjon i 1977 med 17 nettkjenningar og i 1982 med 11 mål, delt med Hamarkameratenes Tor Arne Granerud.

Johannessen spelte for Fotballklubben Vidar i 1981 og 1983-84. I 1985-sesongen spelte for Sportsklubben Brann.

Johannessen spelte sju ungdomslandskampar i byrjinga av 1970-åra. Han debuterte for Noregs A-landslag mot Sovjetunionen 24. september 1975, ein kamp som enda 0-4. Sidan måtte han vente til 1979 då han spelte fire OL-kvalifiseringskampar, alle utan å kome på skåringslista.

Kjelder endre