Tsjaplygin i Lipetsk oblast

Tsjaplygin (russisk Чаплы́гин) er ein by i Lipetsk oblast i Russland med om lag 13 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 70 km nord for Lipetsk.

Tsjaplygin
Чаплыгин
Horisonten til Tsjaplygin
Horisonten til Tsjaplygin
Byåpenet til Tsjaplygin
Byvåpenet til Tsjaplygin


Plassering
Tsjaplygin i Lipetsk oblast is located in Russland
Tsjaplygin i Lipetsk oblast is located in Lipetsk oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Lipetsk oblast
Grunnlagd
Bystatus
1638
1778
Geografi
Flatevidd
 - By

11 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

13 151
  1 195,5 /km²
Koordinatar 53°15′0″N 39°58′0″E / 53.25000°N 39.96667°E / 53.25000; 39.96667
Høgd over havet 140 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 399900
Retningsnummer (tlf) +7 47475

Busetnaden Ust Stanovykh Rjas (russisk: Усть Становых Ряс) vart grunnlagd på området til dagens Tsjaplygin på første halvdel av 1600-talet. Han voks seinare til landsbyen (selo) Slobodskoje (russisk: Слободское). I 1695 bygde Peter den store eit lite palass i tre i nærleiken og i 1702 ei lita festning kalla Oranijenburg (russisk: Ораниенбург). Namnet, som opphavleg var ein tillemping av det tyske «Oranienburg» vart seinare redusert til «Raninburg» og så til «Ranenburg» (russisk: Раненбург).

I 1702 vart både festninga og landsbyen Slobodskoje overdrege til Aleksander Mensjikov, som bygde eit lite kloster her i 1712.

Han fekk bystatus Ranenburg i 1778. I 1948 vart namnet endra til Tsjaplygin etter den russiske fysikeren Sergej Tsjaplygin, som vart fødd her i 1869.

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.