Tubas (arabisk طوباس, Tûbâs; hebraisk skrift טובאס) er ein liten palestinsk by nordaust på Vestbreidda, 21 km nordaust for Nablus, nokre få kilometer vest for Jordanelva. Byen har over 16 000 innbyggjarar og er eit økonomisk og administrativt senter for Tubas guvernement. Byområdet dekkjer 2 271 mål. Han vert styrt av eit kommunestyre på 15 medlemmar og dei fleste innbyggjarane driv med jordbruk eller offentlege tenester.

Tubas
طوباس, טובאס, Toubas, Tubass
kommune
Tubas skyline
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Tubas guvernement
Koordinatar 32°19′20″N 35°22′07″E / 32.32222°N 35.36861°E / 32.32222; 35.36861
Areal 295,1 km²
Folketal 16 154  (2007)
Folketettleik 55 / km²
Grunnlagd Seint på 1800-talet
Borgarmeister Jamal Abu Mohsin
Kart
Tubas
32°19′20″N 35°22′07″E / 32.322222222222°N 35.368611111111°E / 32.322222222222; 35.368611111111
Wikimedia Commons: Tubas (city)
Nettstad: www.tubas.ps

Tubas har blitt identifisert som oldtidsbyen Thebez, ein kanaanittisk by som var kjend for å gjere opprør mot kong Abimelek. Den moderne byen vart grunnlagd seint på 1800-talet under det osmanske styret av Palestina, av arabiske klanar som budde i Jordandalen. Han vart ein stor by i Nablus sanjak, særleg kjend for tømmeret og osten sin. Han vart ein del av Palestinamandatet i 1917, annektert av Jordan etter dei erobra byen i den arabisk-israelske krigen i 1948, og så okkupert av Israel i seksdagarskrigen i 1967. Den palestinske sjølvstyresmakta har hatt full kontroll over Tubas sidan han vart overført til dei i 1995.

Historie endre

Antikken endre

Namnet Tubas kjem frå det kanaanittiske ordet Tuba Syoys eller «lysande stjerne».[1][2] Tubas vart identifisert av Edward Robinson som den kanaanittiske byen «Tebes» som er nemnt i Bibelen.[3][4] Tebes vart styrt av den israelittiske kong Abimelek frå Sikem. Då folket frå Sikem (på den tida ein kanaanittisk by) gjorde opprør mot han, vart Tebes med i opprøret. Ei bibelsoge fortel at Abimelek prøvde å øydeleggje Thebez fordi dei hadde delteke i opprøret, og då han og armeen hans gjekk til åtak på eit tårn i byen, kasta ei kvinne ein møllestein på Abimelekt og drap han.[5][6][7]

Arkeologiske funn som gravplassar og olivenpresser indikerer at Tubas var busett i romartida i Palestina.[1] Hieronymus nemner Tebes som ein stad 13 romerske mil aust for Neapolis (Nablus). Utanom bibelsoga veit ein ikkje noko om Tebes før eller etter opprøret.[8]

Osmansk tid endre

I 1596 er byen oppført i osmanske skattelister som «Tubas», i Jabal Sami nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 41 hushaldningar og 16 ungkarar, alle muslimar. Dei betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, tilfeldige inntekter, geiter, bikubar, og ei presse for oliven eller druer.[9]

Dagens Tubas vart grunnlagd seint på 1800-talet, då grupper av arabarar frå Daraghmeh-klanen, hovudsakleg gjetarar og bønder som budde i Jordandalen, flytta nordover til staden på grunn av den frodige jorda, og fleire kjelder i området. Området låg òg høgare enn Jordandalen og her låg Wadi al-Far'a-sletta.[1] Gerisim var synleg frå området.[10] Daraghmeh-klanen hadde budd i Jordandalen sidan 1400-talet og i tillegg til Tubas, grunnla dei eller busette dei nærliggande grendene Kardala, al-Farisiya, Khirbet al-Malih, Kishda, Yarza og Ras al-Far'a. Kort tid etter Tubas var grunnlagd, kom arabarar frå Najd, Syria, Transjordan, Hebron og Nablus og busette seg i området.[1] I denne tida vart Tubas åstad for kampar mellom klanane 'Abd al-Hadi og Touqan i Nablus og vart angripen av beduinar frå områda aust for byen.[10] Jarrar-klanen budde ikkje her, men styrte Tubas, sidan han låg i Mashariq al-Jarrar nahiya.[11]

Tubas var ein av dei største landsbyane i Nablus sanjak. Dei fleste innbyggjarane bygde i leirsteinshus eller telt for å arbeide på markene deira i Jordandalen og gjete sauer og geiter.[11] I følgje den reisande Herbert Rix, var Tubas like stor som Samaria, og hadde store mengder tømmer, som vart hausta for brensel.[5] I motsetnad til mange landsbyar i området, livnærte Tuba seg av dyrehald, og ikkje oliven. Frå dyra fekk ein ost, klara smør, ullteppe, telt, tau og tøyposar.[11]I 1882 vart det grunnlagd ein guteskule i byen.

Palestine Exploration Fund skreiv at samaritanarane trudde at grava til Asjer, lokalt kalla Nabi Tota («den gode profeten»), låg i Tubas. Grava var ein heilagdom i lokal muslimsk tradisjon.[12]

Moderne tid endre

I 1917 erobra britane Palestina frå osmanarane, og i 1922–23 vart Tubas ein del av Palestinamandatet. I 1947 teikna Dei sameinte nasjonane opp ein delingsplan for å dele Palestina inn i ein jødisk og ein arabisk stat. Tubas og dei kringliggande landsbyane og grendene var med i arabarstaten. Under den arabisk-israelske krigen i 1948, leia Fawzi al-Qawuqji 750 soldatar frå Den arabiske frigjeringshæren (ALA) til Tubas frå Jordan og sette opp ein base der. Tubas var hovudkvarter for ALA i det sentrale Palestina gjennom heile krigen.[13] Jordan annekterte byen i lag med heile Vestbreidda, etter dei fekk kontroll over området under krigen. I 1955 vart den første skulen for jenter opna. Tubas var under jordansk kontroll til 1967, då Israel okkuperte Vestbreidda under seksdagarskrigen.

Tubas vart overført til Den palestinske sjølvstyresmakta (PNA) i 1995. Under Jordan og Israel vart byen styrt under Nablus guvernement, men i 1996, vart Tubas og området rundt eit eige valdistrikt, og seinare eit sjølvstendig, administrativt område kalla Tubas guvernement.[14]

Tubas har ikkje hatt like mange valdsepisodar under Israel-Palestina-konflikten som Nablus og Jenin har, men fleire hendingar skjedde under den andre Intifada, som byrja i 2000. I april 2002 tok Det israelske forsvaret (IDF) livet av seks aktive Hamas-medlemmar i byen, inkludert Ashraf Tamza Daraghmeh—øvste leiar for Hamas i Tubas og området rundt.[15][16] Den 31. august 2002 avfyrte eit israelsk Apache-helikopter fire Hellfire-missil mot ein sivil bil, som dei mistenkte førte den lokale kommandanten for al-Aqsa-martyrbrigaden, og eit hus i nærleiken. I staden førte åtaket til at fem sivile mista livet, inkludert to barn, to tenåringar og ein 29-år gammal Fatah-aktivist, som vart skulda for å vere medlem av al-Aqsa-brigaden. Den israelske forsvarsministeren Binyamin Ben-Eliezer kom med ei orsaking over å ha råka sivile i Tubas. Ben-Eliezer skildra raidet i Tubas som ein «feil», og love at hæren skulle etterforske hendinga.[17] Den 21. august 2009 førte ein samanstøyt mellom Sawafta-klanen og ein annan klan i byen til at eit medlem av førstnemnde døydde, medan 38 andre vart skadde. Fem hus vart sett i brann og palestinske tryggingsstyrkar arresterte fem personar i samband med dødsfallet.[18]

Geografi endre

Tubas ligg nord på Vestbreidda i ei høgd på 362 meter over havet, medan det meste av Tubas guvernement ligg i Jordandalen i sør.[1]

Tubas ligg 21 km nordaust for Nablus, 3,7 km vest for Jordanelva og 63 km aust for Middelhavet. I nærleiken ligg byen Aqqaba i nord, landsbyane Tayasir og Akabah i nordaust, Ras al-Far'a i sørvest, den palestinske flyktningleiren Far'a i sør og landsbygruppa al-Bikai'a i søraust.[1]

Han har eit moderat klima, med steikande og tørre somrar, og kjølige og våte vintrar. Årsmiddeltemperaturen er 21 °C, og årsmiddelfukta er 56 %.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Tubas City Profile Applied Research Institute - Jerusalem. February 2006.
  2. Palmer, 1881, s. 209
  3. Robinson, Edward. Smith, Eli. (1856). Later Biblical Researches in Palestine and the Adjacent Regions: A Journal of Travels in the Year 1852 J. Murray, s.305-306.
  4. Domarane 9:50-57
  5. 5,0 5,1 Rix, Herbert (1907). Tent and Testament: A Camping Tour in Palestina, with Some Notes on Scripture Site Williams and Norgate, s.157-159.
  6. Skinner, J. (1895). The International Critical Commentary on the Holy Scriptures of the Old and Det nye testamentets C. Scribner's Sons, s.268.
  7. Dom 9
  8. Bromiley, Geoffery. (1995). International Standard Bible Encyclopedia Q-Z Wm. B. Eerdmans Publishing, s.825.
  9. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 125.
  10. 10,0 10,1 Byeways in Palestine (2007) Finn, James. James Nisbet & Co: s.92-93
  11. 11,0 11,1 11,2 Doumani, Beshara. (1995). Rediscovering Palestine, Merchants and Peasants in Jabal Nablus, 1700-1900: The Hinterland of Nablus: Local Trade Networks[daud lenkje] University of California Press.
  12. Palestine Exploration Fund. (1881). Quarterly Statement - Palestine Exploration Fund Palestine Exploration Fund's Office. s.201.
  13. Pipes, Daniel. (1990). Greater Syria: The Historie of an Ambition Middle East Forum, s.57.
  14. Bio Data - Tubas, United States Office for the Coordination of Humanitarian Affairs.
  15. Yesterday's Strike on a Terror Squad in Tubas Det israelske utanriksdepartementet. 2002-04-06.
  16. Plestinians who were the object of a targeted killing in the West Bank, arkivert frå originalen 23. februar 2010, henta 19. september 2015 
  17. Killing deliberately, 'by mistake' Arkivert 2009-08-08 ved Wayback Machine. Al-Ahram Weekly. 2002-09-05.
  18. Tubas: Clan clash kills one, injures 38, sees five homes burned. Ma'an News Agency. 2009-08-21.

Bakgrunnsstoff endre