Tucumánprovinsen

(Omdirigert frå Tucumán-provinsen)

Tucumán (spansk uttale [tukuˈman]) er den tettast folkesette og nest minste provinsen i Argentina målt etter landareal. Han ligg nordvest i landet, og hovudstaden er San Miguel de Tucumán, ofte forkorta til Tucumán. Naboprovinsane er Salta i nord, Santiago del Estero i vest og Catamarca i aust og sør. Området er kjent for høg produktivitet i landbruket.

Tucumánprovinsen
provins
Flagg
Symbol
Land  Argentina
Del av South America Midwest Integrated Zone
Hovudstad San Miguel de Tucumán
Areal 22 524 km²
Folketal 1 731 820 (2022)[1]
Kart
Tucumánprovinsen
27°00′S 65°30′W / 27°S 65.5°W / -27; -65.5
Wikimedia Commons: Tucumán Province

Namnet Tucumán har sannsynlegvis opphavet sitt frå quechuaspråket. Det kan vere ein variant av Yucumán som betyr «staden kor fleire elvar oppstår», eller av ordet Tucma som betyr «slutten på ting». Før spansk kolonisering låg regionen på yttergrensa av inkariket.[treng kjelde]

Geografi

endre

Trass den avgrensa storleiken sin har Tucumán to hovudgeografiske soner. Den austlege delen er ein del av det flate Gran Chaco-området, medan den vestlege delen har ei blanding av Pampasfjella i sør og kløftar frå det nordvestlege Argentina. Cerro del Bolsón er det høgaste punktet i provinsen, på 5 550 meter over havnivå. Salíelva er største elva i provinsen med eit hovudløp vesentleg frå nord mot sør.[2]

Klima

endre

Tucumán ligg i skjeringspunktet mellom temperert og tropisk klima, og klimaet blir også påverka av høgda. Generelt sett er dei austlege områda tørrare og varmare, medan foten av fjella har mange sommarstormar som gir moderat temperatur. Dei første fjellområda er svært fuktige og har tett jungel, som etter kvart går over i tjukk skog og kjølige grassletter i høgda. Dei vestlegaste områda er noko tørrare på grunn av ein regnskugge.

Dei austlege delane har ein gjennomsnittleg årstemperatur på 18 til 20 °C.[3] Sommertemperaturene ligg i snitt på 24 til 26 °C, medan vintrane har ein snittemperatur mellom 10 og 12 °C.[4] I meir høgtliggande område mot vest er klimaet kjøligare, med sommartemperaturar på rundt 20 °C og vintertemperaturar på 10 °C.

Nedbøren i låglandet varierer frå 600 mm i aust til nærare 1200 mm ved foten av fjella, med ein tydeleg monsunkarakteristikk: 4-5 tørre vintermånader og ein topp på rundt 200 mm i dei våtaste sommarmånadene. Dei austvendte fjellskråningane har den tyngste nedbøren, med rundt 1800 mm i regnfulle sommarmånader. I delar av året er dei ofte dekte til i tjukk tåke, som gir fukt til ein tett jungel. Klimaet blir raskt meir temperert med høgda, med ulike typar skogar som også får noko snø om vinteren, til slutt overgår dei i høgtliggjande grassletter med kjølig og vindfullt vêr året rundt.

Økonomi

endre

Tucumán har lenge vore ein av Argentinas underutvikla provinsar, men økonomien har vakse sterkt og var i 2006 den sjuande største i landet, med ein produksjon på 7,2 milliardar USD. Inntekt per innbyggjar var på 5400 USD (rundt 7900 USD i 2011), omtrent 40 % under nasjonalt gjennomsnitt, men relativt sett høgare enn dei fleste naboprovinsane. I 2012 låg inntekta per innbyggjar på rundt 8000 USD.

Provinsen er internasjonalt kjend for den store sukkerproduksjonen sin, som står for 60 % av sukkeret i landet. Etter ei krise i sukkerindustrien på 1960-talet diversifiserte Tucumán produksjonen og det vert no mellom anna dyrka sitronar, jordbær, kiwifrukter, bønner, bananar, mais, alfalfa og soya. Provinsen produserer også mykje sitronar og blåbær, og nesten 80 % blir eksporterte til andre land.

Landbruksprodukt frå storfedrift, sauehald og geitehald går hovudsakleg til den lokale marknaden.

Industrien i Tucumán var opphavleg sentrert rundt sukkerproduksjon, men har sidan 1960 diversifisert betydeleg. Sukkerfabrikkane utgjer om lag 15 % av økonomien i provinsen. I tillegg til sukkerproduksjon inkluderer industrien også papir, alkohol, næringsmiddel, tekstilar, bilar og metallurgi. Blant dei sistnemnde er lastebilmonteringsanlegget til Volkswagen-eigde svenske Scania ein av dei mest kjende.

Gruvedrift er ein mindre sektor, hovudsakleg retta mot salt, leire, kalk og andre ikkje-metalliske utvinningar. Tucumán har fire demningar som blir brukte til vasskraft og vatning: El Cadillal-dammen på Salíelva er den viktigaste.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://censo.gob.ar/wp-content/uploads/2023/11/CNPHV2022_RD_Indicadores-demogrA%C2%A1ficos.pdf; vitjingsdato: 28. juli 2024.
  2. Tracanna, Beatriz C and Seeligmann, Claudia T and Mirande, Virginia and Martínez De Marco, Silvia N and Isasmendi, Sara C (2014). «Peri-Pampean Sierras aquatic systems in Tucumán Province» (PDF). Advances in Limnology (Schweizerbart'sche Verlagsbuchhandlung) 65: 199––213. doi:10.1127/1612-166X/2014/0065-0042. 
  3. Sesma, Pablo; Guido, Elvira; Puchulu, Maria (1998). «Clima de la Provincia de Tucuman» (PDF). Henta 6. november 2024. 
  4. Bravo, Gonzalo; Bianchi, Alberto; Volante, José; Salas, Susana; Sempronii, Guillermo; Vicini, Luis; Fernandez, Miguel. «Regiones Agroeconómicas del Noroeste Argentino» (PDF) (på spansk). Instituto Nacional de Tecnología Agropecuaria. Henta 6. november 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Tucumánprovinsen