Tungenes prosti

Tungenes prosti er eit tenestedistrikt i Stavanger bispedømme i Den norske kyrkja. Det har prostesete i Randaberg der Randaberg kyrkje er prostikyrkje.

Tungenes fyr. Tungenes i Randaberg er nordspissen på Jæren, og har gjeve namn til prostiet.

Prostiet vart oppretta i 1998, og omfatta då Randaberg og Kvitsøy kommunar, som vart utskilde frå Jæren prosti, og seks sokn i Stavanger kommune (Madlamark, Hafrsfjord, Sunde, Tasta, Vardeneset og Tjensvoll), som vart utskilde frå Stavanger domprosti. I 2006 vart Tjensvoll flytta att til domprostiet, mens dei andre Stavanger-sokna gjekk til det då nyoppretta Ytre Stavanger prosti. Til gjengjeld vart Tungenes prosti auka med Sola kommune, som vart tilført frå Sandnes prosti, og Rennesøy og Finnøy kommunar, som vart tilførte frå Søre Ryfylke prosti.[1]

Noverande geografisk områdeEndra

KjelderEndra

  1. NSD (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 2012-08-25, henta 16. oktober 2013 

Sjå ògEndra

BakgrunnsstoffEndra