الجمهورية التونسية
El-joumhouriyya et-Tounisiyya

(norsk: Tunisia, tunisisk)

Det tunisiske flagget
Flagg
Nasjonalsong «Humat al-hima»
Motto Orden, fridom og rettferd.
Geografisk plassering av Tunisia
Offisielle språk Arabisk
Hovudstad Tunis
Styresett
Republikk
Kaïs Saïed
Najla Bouden Romdhane
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
163 610 km² (92.)
5,0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (1994)
 – Tettleik
 
11 403 800 (78.)
8 785 711
69,7 /km² (116.)
Sjølvstende
frå Frankrike
5. juli 1962
Nasjonaldag 1. november
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
127 200 mill. USD (77.)
12 000 USD (101.)
Valuta Tunisisk dinar
Tidssone UTC +1
Telefonkode +213
Toppnivådomene .tn


Tunisia er ein arabisk republikk i Nord-Afrika. Landet grensar til Algerie i vest og Libya i aust. Det var fransk protektorat frå 1881 til 1956.

Kart over Tunisia

Geografi endre

Tunisia kan grovt sett delast i fire naturgeografiske soner; det fjellrike området i nord, det store steppeplatået i dei sentrale delane av landet, og lenger sør, område med avløpsfrie sumpar og saltsjøar. Enno lenger mot sør strekkjer landet seg inn i ørkenen Sahara.

Den nordlege delen er dominert av Atlasfjella som blir delt i Tell-Atlas og Saharaatlas av den fruktbare Medjerdadalen, som er det rikaste jordbruksdistriktet i landet. Tell-Atlas ligg lengst i nord, og er bygd opp av krystallinske massiv, med kalk- og sandsteinstoppar som står steilt i vêret. Saharaatlas er eit framhald av Høge-Atlas i Marokko, og er i heilskapen sin bygd opp av kalk- og sandstein. Det høgaste punktet ligg i Jebel Chambi (1544 meter over havet), nær grensa mot Algerie. Kystlandet i aust er eit bakkeland av kalkbergarter frå jura og krit. Halvøya Cap Bon stikk ut i Middelhavet mot nordaust. Herfrå er det berre 140 km over til Sicilia i Italia.

Dei sentrale delane av landet består av eit steppeplatå, som er høgast i vest, med ei gjennomsnittshøgd over 500 moh. Den austlege delen ligg mellom 180–500 meter over havet. Sør for steppeplatået ligg eit område som går tvers gjennom landet og blir karakterisert av avløpsfrie sumpar og saltsjøer (chott), og omfattar mellom anna saltsjøen Chott al-Djerid.

Den sørlegaste delen av Tunisia ligg i ørkenen Sahara, som består delvis av sandørken og delvis av steinørken. I Sahara ligg ein del oasar basert på kunstige vasskjelder.

I Gabèsbukta eller Vesle Syrte, ligg øyane Djerba og Kerkenna. Den lengste elva er Medjerda, som kjem frå Algerie og munnar ut i Middelhavet nord for Tunis. Ho er 450 km lang.

Klima endre

Austkysten av Tunisia har eit middelhavsklima med varme og solrike somrar, og milde og våtare vintrar. Av og til kan lågtrykk i Middelhavet føre til kaldt og regnfullt vêr på vinterstid. Tunis har ein normal årsnedbør på 422 mm, medan Gafsa som ligg i dei indre områda berre har 152 mm. Fjellområda og sentrale område av Tunisia kan ha ganske så varieret vêr. Vinteren kan vere kald, og dei høgaste toppane kan få snø, medan sommaren er varm med temperaturar over 40 °C over store område, og i somme tilfelle opp mot 50 °C. Når dei varme luftmassane frå Sahara møter dei kjøligare luftmassane frå Europa på våren kan det oppstå små lågtrykk over ørkenen, som kan gje vind og regnbyer. Ofte kan derimot regnet fordampe før det når bakken (virga) og alt ein får er ein sandstorm.

 
Satellittfoto av Tunisia

Kjelder endre

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.